Fellesvandring på Tunsbergleden: Vardåsen til Røyken

Velkommen til aprilvandring på Tunsbergleden!

Neste etappe går frå Asker (Vardåsen) til Røyken ( ca 14 km) lørdag 23. april. Oppmøte kl 11 ved Vardåsen kirke. Frå Asker stasjon går buss 281 (kl 10.45) til Borgen skole. Ved busstoppet finn du merkinga opp til kirka). (Det er merka rute frå Asker stasjon, så om du vil gå ca 3 km i tillegg, kan du finne merkinga lengst sør på perrongen. Planlegg tidlegare start, så du kan vere ved Vardåsen krk kl 11).

Det er ei flott vandring i vakker og variert natur, hovedsakeleg på stiar og løyper i marka. Litt asfalt får vi gjennom Dikemark-området og mot slutten av turen i Røyken. Vi er i snø-og isavviklinga i marka, så planlegg med godt fottøy og ta med lause broddar. Terrenget er kupert, så stavar kan vere godt å ha i opp- og nedstigingar. Ta med mat, drikke og sitteunderlag.

I Røyken stoppar vandringa ved Røyken kirke. Derifrå er det eit steinkast til tog og buss.

Velkommen til vårleg vandring!