Invitasjon til vandring på Sunnivaleia Juni 2023

Invitasjon til vandring på Sunnivaleia Juni 2023

Velkomen til vandring på Sunnivaleia! Som tidlegare år, prøver vi også i år å få til ei gruppe med norske og tyske pilegrimar saman. Det er ikkje krav til språkkunnskap. Det går bra likevel.

Dagsplan

Dag 0. Laurdag 17. juni.
Frammøte på Kinn hotell i Florø. Innsjekking frå kl 14.
Ein kan koma til Kinn søndag morgon om ein ikkje treng overnatting i Florø, men erfaringa syner at det er godt å samlast kvelden i førevegen.
Overnatting på Kinn hotell i Florø.

Dag 1. Søndag 18. juni
Florø – Kinn – Florø – Smørhamn.
Båt til Kinn, gudsteneste i Kinnakyrkja, Kinnaspelet – vandring rundt øya – retur til Florø – vidare med ekspressbåt til Smørhamn. For det aller meste terreng.
Overnatting på Smørhamn handelsstad.

Dag 2. Måndag 19. juni
Smørhamn – Ryland – avstikkar til Grotlesanden – Hauge. Ca 22 km. Nokolunde like mykje asfalt som terreng.
Overnatting på Havly.

Dag 3. Tysdag 20. juni
Hauge – Oldeide – Måløy – Fjordly. 16 km til Oldeide.
Vandring til Oldeide, mest terreng, noko asfalt. Ferje kl 1515 frå Oldeide til Måløy.
Buss direkte frå Måløy til Fjordly på Totland.
Overnatting på Fjordly.

Dag 4. Onsdag 21. juni
Totland – Rimstaddalen – Berstad – Ervik. 18 km vandring.
Eit par km med asfalt, elles terreng. Bilskyss til Ervik ytst på Stadlandet.
Overnatting i Ervik.

Dag 5. Torsdag 22. juni
Føremiddag i Ervik. Ervik kyrkje og kyrkjegard. Til Hovden, vandring til Leikanger. Terreng.
Overnatting i Leikanger.

Dag 6. Fredag 23. juni
Leikanger – Dragseidet – Selje.
Den gamle kyrkjevegen over fjellet til Liseth. Litt asfalt i starten, 2 km asfalt på slutten.
Overnatting i Selje.

Dag 7. Laurdag 24. juni
Båt til Selja. Vandring på Selja. Gudsteneste i Sunnivahelleren. Terreng.
Festmiddag i Selje.
Overnatting i Selje.

Vandringa er slutt, men overnatting til søndag er inkludert.
Ekspressbåt går frå Selje til Bergen kl 15.10 søndag.

Korleis koma til Florø:
Det er flyplass i Florø, trafikkert av DAT – Danish Air Transport.
Daglege bussavgangar Oslo – Florø, trafikkert av Vy.
Ekspressbåt frå Bergen kl 0800 og 1630 på kvardagar. Laurdag og søndag berre ein avgang, kl 1415 laurdag og 1630 søndag.

Korleis koma frå Selje:
Ekspressbåten frå Selje brukar halvannan time til Florø, 5 timar til Bergen.
Båten går til Bergen søndag kl 15.10 og måndag (alle kvardagar) kl 06.50 og 15.20. Laurdag berre kl 06.50.
Dagleg dag- og nattbuss mellom Oslo og Måløy.

…………………………………………………………………..
Andre opplysningar

Pris: kr 8000
…………………………………………………………………..

Dagsrytme: Frukost kl 8. Lita samling før avgang. Vandrestart kl 9.
Niste må smørjast ved frukost, termosar fyllast.

Pilegrimspreg: 2-3 korte samlingar pr dag med song, bibellesing og bøn. – NB! Frivillig.
Gruppa går i stille og ettertanke fyrste timen etter avgang. Elles stille fyrste halvtimen etter stopp med åndeleg preg.
Det er fullt lovleg å seia frå om ein ynskjer å gå i fred utanom dette.
Klokkeslett under vandringa er omtrentlege, unnateke båt- og ferjetider.

Nivå på overnatting: For det meste etablerte overnattingsstader. Ha med sovepose. På dei fleste stader kan ein få oppreidd seng mot tillegg i prisen.

Kvar har med:
Sovepose. Dagstursekk. Større bag eller koffert.
Gode sko til terreng og sko til asfalt.
Plaster. Insektvern. Handduk. Regnklede! Hårfønar er god til skotørk. Eventuelt vaskepulver til handvask av kle, kleklyper eller sikkerhetsnåler. Sandalar eller lette sko til kveldsbruk.
Gode vindtette turklede. Gjerne hatt.
Terrenget er til tider ulendt, for ein del myrete, og stav er sterkt tilrådd.
Bagasjen vert frakta.

Viktig!
Vi er ikkje ein offisiell tur-arrangør, og derfor er dette heller ikkje ein arrangert tur i reiseliv-forstand. Det er det vanlege opplegget med pilegrimsvandringar. Det inneber at alle går på eigen risiko. Om eit uhell  eller ei ulukke skulle skje, er kvar ansvarleg for seg og må forhalda seg til sin eigen eventuelle skadeforsikring.
Påmelding til Kari Leine Balog, tidlegare prostiprest i Nordfjord. Tlf 97 54 34 66.
kl-balog@online.no