Vandring på Sunnivaleia i juni 2022

Vandring på Sunnivaleia i juni 2022

Velkomen som pilegrim på Sunnivaleia den 18.-26. juni 2022.

Denne vandringa er tenkt for både norske og tyske pilegrimar, men det er ingen krav til språkkunnskap. Sunnivaleia har god kontakt med pilegrimsmiljøet i Hamburg, og har hatt norsk/tysk gruppe sidan 2013, med unntak av 2020 og -21. Slik det ser ut no, er det ikkje problem med å gjennomføra vandringa som planlagt. Takk og halleluja for det!!

Starten er Kinnaspelet på Kinn.
Krav til fysisk form: Ein må vera i stand til å gå med dagstursekk opp til 20 km pr dag i varierande terreng.
Pris: kr 7000. Av desse  kr 1000 så snart som råd, og 6000 eit par veker før vandringa.
Betaling til konto 3790.15.18433 til Sunnivaleia v/Kari Leine Balog.
Vandreleiarar: Olav Mæland, Jorund Levorstad og norsk/tyske Steinar Pettersen. Prest Kari Leine Balog.

Detaljert dagsplan

Dag 0. Laurdag 18. juni. Overnatting til søndag på Kinn hotell i Florø. Innsjekking frå kl 14.
Overnatting på Kinn hotell.

Dag 1. Søndag 19. juni
Florø- Kinn – Florø. Me tek del i programmet på Kinn, jfr www.kinnaspelet.no .
Kl 09.00: Båt til Kinn.
Kl 11.00: Gudsteneste. Etter gudstenesta: tur rundt øya.
Kl 14.30 Kinnaspelet: songen ved det store djup. Etter spelet: retur til Florø.
Overnatting på Kinn hotell.

Dag 2. Måndag 20. juni
Kl 11.30 Ekspressbåt til Smørhamn (30 min.) og innkvartering på Smørhamn handelsstad.
Vandring til og frå Frøya kyrkje / Kalvåg.
Overnatting på Smørhamn handelsstad. 

Dag 3. Tysdag 21. juni 
Smørhamn – Ryland – avstikkar til Grotlesanden – Iglandsvik.  
Overnatting på Havly i Iglandsvik. 

Dag 4. Onsdag 22. juni
Iglandsvik – innom Bremanger kyrkje på Hauge – Oldeide – Måløy –  Fjordly på Bryggja.
Vandring til Oldeide. Ferje kl 1515 frå Oldeide til Måløy. Buss derifrå til Fjordly.
Overnatting på Fjordly ungdomssenter.

Dag 5. Torsdag 23. juni
Totland – Rimstaddalen – Berstad  – vandring eller bilskyss til Selje.  
Overnatting på Selje camping. 

Dag 6. Fredag 24. juni
Båt til Selja. Vandring på Selja. Gudsteneste i Sunnivahelleren. Festmiddag i prestegarden.
Overnatting på Selje camping.

Dag 7. Laurdag 25. juni
Båt til Bergen kl 06.50.

Denne vandringa er slutt med overnatting til laurdag. Men eit tilbod om tur / vandring på Stadlandet, med Ervikbygda som høgdepunkt, er under planleggjing for laurdag, ev også søndag.  

Korleis koma til Florø:
Det er flyplass i Florø, trafikkert av Danish Air Transport.
Daglege bussavgangar Oslo – Florø, trafikkert av VY, ev. med lokalbuss på strekninga Førde – Florø.
Ekspressbåt frå Bergen kl 0800 og 1630 på kvardagar. Laurdag og søndag berre ein avgang, kl 1415 laurdag og 1630 søndag.

Korleis koma frå Selje: 
Ekspressbåten frå Selje brukar halvannan time til Florø, 5 timar til Bergen. Båten går til Bergen søndag kl 15.10 og måndag (alle kvardagar) kl 06.50 og 15.15. Laurdag berre kl 06.50.
Dag- og nattbuss dagleg frå Måløy til Oslo.  

Andre opplysningar
Dagsrytme: Frukost kl 8. Lita samling før avgang. Vandrestart kl 9.
Niste må smørjast ved frukost, termosar fyllast.

Pilegrimspreg: 2-3 korte samlingar pr dag med song, bibellesing og bøn. – NB! Frivillig. 
Gruppa går i stille og ettertanke fyrste timen etter avgang. Elles stille fyrste halvtimen etter stopp med åndeleg preg.
Det er fullt lovleg å seia frå om ein ynskjer å gå i fred utanom dette.

Klokkeslett under vandringa er omtrentlege, unnateke kystbåt- og ferjetider.

Kvar har med:
Sovepose. Dagstursekk. Større bag eller koffert.
Sko til terreng og sko til asfalt.  
Plaster. Insektvern. Handduk. Regnklede! Hårfønar er god til skotørk. Eventuelt vaskepulver til handvask av kle, kleklyper eller sikkerhetsnåler. Sandalar eller lette sko til kveldsbruk.
Gode vind- og regntette turklede. Gjerne hatt.
Terrenget er til tider ulendt, og stav er sterkt tilrådd.

Bagasjen vert frakta. 

Viktig! 

Vi er ikkje ein offisiell tur-arrangør, og derfor er dette heller ikkje ein arrangert tur i reiseliv-forstand. Det er det vanlege opplegget med pilegrimsvandringar. Det inneber at alle går på eigen risiko. Om eit uhell eller ei ulukke skulle skje, er kvar ansvarleg for seg og må forhalda seg til sin eigen eventuelle skadeforsikring.

Påmelding til Kari Leine Balog, tidlegare sokneprest i Selje. Tlf 97 54 34 66. kl-balog@online.no