Fellesvandring på Tunsbergleden

Fellesvandring på Tunsbergleden

Pilegrimsfellesskapet St Jakob inviterte til fellesvandring på Tunsbergleden i Vestfold helga 13. og 14.
juni, og mange let seg freiste til å få på seg sekk og sko og oppsøke nye ferdselsvegar. På grunn av
koronasituasjonen valde vi å setje tak på 15 deltakarar, og dei meldte seg raskt på banen.

Vandrergruppen ved start ved siden av Pilegrimen i Tønsberg.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Turen gikk frå Tønsberg til Løvøya på lørdag og heldt fram frå Botne kirke til Sande på søndag. Dei
fleste gikk begge dagane, medan andre valde å bli med på ei dagsvandring.

Vi starta ut frå Tønsberg stasjon lørdag formiddag, og Eivind svingte oss raskt opp mot Slottsfjellet,
det naturlege utgangspunktet for vandringa. På vegen opp passerte vi både pilegrimen og Kristina av
Tunsberg på sine respektive soklar før vi samla oss ved restane av Mikaelskirka; vi var i pilegrimsland!
Ut frå byen stoppa vi ved Kjelleolla, ei av fleire heilagkjelder på turen. I godt vandrever, rundt 20
grader med lett skyslør, fekk vi ein lettgått og god tur i skogsterreng og vakkert kulturlandskap fram
til Åsgårdstrand. Godt å strekke ut, men enda betre å ha kjentfolk med, for merkinga av vegen er nok
ikkje ferdigstilt. Hovedregelen om at alle kryss må merkast tydeleg og videre følgast opp med eit
neste skilt som er synleg frå krysset, er ikkje gjennomført.

På vandring langs Tunsbergleden.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Etter ein god rast under skuggefulle tre og ein kaffepause i sentrum av Åsgårdstrand førte leia oss
videre langs sjøen opp til Borre kirke, der vi vart tatt vel imot av sokneprest Carl Ove Fæster med
kaldt drikke og litt å bite i, fulgt av eit svalt kirkebesøk i den vakre pilegrimskirka. Ei stemningsfull
stund.

Dei siste kilometrane fram til Løvøya vart lange i ettermiddagsstilla, så desto betre vart det å kome
fram via kapellet til den hyggelege campingplassen, der Anton ønskte velkommen med varm grill og
langbord (han stod for følgebil og catering), og det vart eit riktig velsmakande og lystig måltid i
nydeleg junikveld.

Inne fra Borre kirke.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Søndagen kom med skyfri himmel som garanterte godt ver, og dei aller sprekaste, det vil seie
langvandrarekspertane Gry og Tarjei, valde å plusse på med to ekstra mil frå starten av, medan
resten nøyde seg med ein roleg frukost og ei kort motorisert forflytting til Botne kirke nord for
Holmestrand, som var startpunktet for søndagsvandringa.

Under høye trær på Tunsbergleden.

Barfotpilegrimen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Terrenget skifta raskt karakter til temmeleg kupert skogsterreng, og der varmekjær lauvskog prega
lørdagen, overtok blandingsskog på søndagsvandringa. Temperaturen vart og høgare, så vi sette pris
på skuggefulle parti før neste kneik. Flotte utsiktspunkt gav oss glimt av Sandebukta og ytre
Oslofjord. Etter rundt 20 km kom ei fin nedstiging og avslutning inn mot den vakre Sande-bygda, der
vi avslutta to dagars fin vandring på ei variert og spennande pilegrimsrute. Tunsbergleden vil gi
mange gode opplevingar for dei som ønsker å gå i retning Oslo, som vi gjorde, eller å gjere det til
starten på vegen ut i Europa, i første rekke mot Danmark.

Bente Eliassen