Fin novembervandring frå Son til Vestby

Fin novembervandring frå Son til Vestby
 
Etappane blir kortare med mindre dagslys i november, men ein liten flokk frå Pilegrimsfellesskapet St.
Jakob gikk ut frå Son havn lørdag 8. november.
 
Fin start langs elva, før vi raskt svingte opp mot Kolåstjernet og inn i Kolås naturreservat. Mykje
edellauvskog, eik, ask og lønn omkransa stien, som stort sett var godt merka, men det er behov for litt
ettersyn. Litt hopp og sprett vart det, for det hadde vore rikeleg med nedbør den siste tida. Ein god rast
hører med, og litt soppsanking var og freistande i skogen.
 
Heile etappen vart totalt ei god vandring, hovedsakleg på sti og grusveg, med litt asfalt på starten og til
slutt, som det alltid blir når vi skal gjennom bebygde strøk, som her, der vi avslutta i Vestby etter rundt 12
km.