Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
21. november 2017


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
Anbefalt litteratur







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv













ANNONSER
Aktiv ferie, på sykkel eller til fots - prøv:





Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring








Siste Åpent hus:
En portugisisk festaften
med Gry!

       
Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Å vandre med håp
Sist oppdatert 16.07.2017 22:46
 
Det er pilegrimsesong. Mange skal ut å gå. Til Nidaros, Santiago de Compostela eller kanskje til Røldal. Ein av dei stadane med lengst pilegrimstradisjon i Noreg. Vandringane her vart slutt på etter ein prostevisitas i 1835, fortel bygdesoga.

Til Røldal gjekk folk for å bli friske. I ”Storegut” skriv Åsmund Olavsson Vinje (1818-70):

I kyrkja til Røldal eit bilete hekk
so mang ein sæling til frelse,
for sjuk og saare til dette gjekk
og fingo atter si helse.

Fekk nokon av sveitten den minste dogg
var sjukdomen overvunnen
Om sjuk eller halt eller sår av hogg
han var som til livet funnen
Med lovord i sæle munnen

Helsearbeid
Så langt tradisjonen, men kva med pilegrimsvandring som psykiske helsearbeid? I 2008 byrja prosjektet «Å vandre med håp» i Vest- Telemark. Eit samarbeid mellom psykisk helse i Seljord, Vinje, Tokke, Nissedal, Kviteseid, Fyresdal, Distriktspsykiatrisk senter (DPS) i Seljord og arbeidsmarknadsbedrifta KVITO – Kompetanse og diakonien i Vest- Telemark. Målet er ei årleg vandring til Røldal. I august vert det tur for tiande gong.

Gjev von
Kvifor er det så fint å gå pilegrim? Ei pilegrimsvandring gjev stort rom å gå i, samstundes ei ramme. Vegen og målet ligg der. Ein snur ikkje etter vêrmeldinga på Yr.no . Mennesket treng mykje rom, men alt for stort rom kan skape angst. I pilegrimslivet er det både rom og ramme. Ei pilegrimsvandring er eit bein framom det andre mange nok gonger til ein er framme.

Ramme og rom
Rørsla går gjennom kroppen, og blir røynsle av noko godt og viktig. Å vera pilegrimer er kropp og sjel samstundes. Å gå gjev von. Går ein, vil ein leve. Går ein, er det for livet. Om det ikkje var ei framtid, ein veg for oss, ville me aldri bry oss om å gå.

Ramme og rom, rørsle og røynsle det høyres mest ut som miljøterapeutiske verkemiddel , for ikkje å seie diakonale. Diakoni er nestekjærleik som bein og gå på, og har ei mål om å skape fellesskap for alle. Kanskje ikkje minst å få lagt av seg ting som tyngjer under pilegrimsvandringa?

Å bli nokon
Fagfolk i traumefeltet talar om det å regulere kjensler som ein føresetnad for å kunne få kontakt med "tenkehjernen". Den fysiske vandringa, rytme og rørsla, naturopplevinga, fellesskapet med andre er innhaldet i pilegrimsvandringa. Dette kan hjelpe ein å arbeide seg ut av traumene, og få påfyll av gode relasjonar.

Recovery er eit uttrykt i dagens psykiatri, og synest å dekke noko av det som skjer på ei pilegrimsvandring: ”Recovery er en dypt personlig, unik prosess , seier «Anthony (1993), med endring av egne holdninger, verdier, følelser , mål og ferdigheter og/eller roller. Det er en måte å leve et liv på som er tilfredsstillende, deltagende og fylt av håp, selv med de begrensninger som lidelsen forårsaker. Bedring involverer utvikling ny mening og innsikt i eget liv. »

Ein pilegrim fekk nytt mellomnamn etter ei vandring til Røldal: "Du skjønar P-en står for pilegrim. Eller peregrino, ein framand på heilag vandring. Eg var framand , men etter vandringa kjende eg meg teken i mot, fann fellesskap. Når kyrkjeklokken ringt var eg heime" sa ho. 

Eilev Erikstein
Prostidiakon i Vest-Telemark


(Dette innlegget sto i Vårt Land 3 juli) 










Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.