Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
20. september 2017


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
Anbefalt litteratur







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv













ANNONSER
Aktiv ferie, på sykkel eller til fots - prøv:





Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring










Korsikansk feiring av
Himmelens dronning
 

         
Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Sunnmørsleia – over fjord og fjell til Selje 2017
Sist oppdatert 18.04.2017 22:34
 

Bli med på ei spennande pilegrimsreise over fjord og fjell til Seljumannamessa på Selje kloster!

Vi startar ved den 900 år gamle marmorkyrkja på øya Giske utanfor Ålesund. På vegen sørover til Selja langs kystpilegrimsleia vil vi bruke både tradisjonelle og moderne båtar, kombinert med vandringar over land.

Ruta går gjennom kommunane Giske, Ålesund, Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Vanylven og Selje.


Målet er seljumannamessa på Selja kloster søndag 2. juli, og avreisa er frå Giske kyrkje tysdag 27. juni.   

Pilegrimane er tett på naturen og følgjer kystpilegrimsleia gjennom sju kommunar på Sunnmøre på vegen mot klosterøya Selja. De får oppleve vestlandsk kystkultur og møte entusiastiske menneske som lever ute i havgapet.

Primus motor er Geir Sakseid, sokneprest i Giske. Han har fått med seg sin menighet og Møre bispedømme i denne satsingen, og vil selv lede denne ferden langs Sunnmørsleia. Den vil gå både til lands og vanns, over fjord og fjell, og målet er selvsagt Selja kloster. Så når han nå arrangerer denne turen for tredje gang må det vel sies å være en tradisjon?  

Vegen vil gå innom gamle kyrkjer og stader med kulturhistorisk interesse. Det vil bli avsett tid til bøn og stille stunder undervegs.
http://cms.osberget.no/Installations/fwk/sites/trebaatfestivalen/uploads/upload146545985251.jpg


Det blir ulike former for båttransport langs kystpilegrimsleia, og en del vandringar. Ferda til sjøs under første del av pilegrimsreisen vil skje med Borgundknarren, en kopi av et handelsfartyg frå vikingtida. Men for resten av ferda er det veteranbåten Jacob Jenssen som er pilegrimsbåt.



Program

Tysdag 27. juni går turen frå Giske kyrkje over fjorden til Ålesund – truleg med vikingskipet «Borgundknarren», som tar oss til Sunnmøre museum ved Borgundgavlen. Så blir det vandring over Aksla til Ålesund sentrum. Overnatting i Ålesund vandrerhjem. http://borgundgavlen.no/wp-content/uploads/sites/27/2013/12/20130527_192709-960x480_c.jpg


Onsdag 28. juni tar vi hurtigbåt frå Ålesund til Hareid.  Etter morgonbøn i Hareid kyrkje, vandrar vi oppover Hareidsdalen langs den naturskjønne «Rotarystien» og vidare over til Ulsteinvik.  Der går vi om bord i veteranbåten «Jacob Jenssen» som vil ta oss gjennom skjergarden til den gamle handelsstaden Kjeldsund, der vi vil overnatte. Jakob Jenssen og mannskapet til skipper Geir Baade vil vere med oss resten av sjøreisa.
Torsdag 29. juni vil vi anten gå med båt rundt Gurskøya, eller vandre over øya, før Jacob Jenssen tar oss over til Sandsøya. Her blir det vandring til Sande kyrkje og vidare til overnatting på øya Voksa.
Fredag 30. juni går båten vidare innover Vanylvsfjorden mot Åheim.  Vi legg opp til ein tre timars vandring over til Åheim.  Der skal vi overnatte i Jetmund gjesteheim, som ligg like ved Jetmundkyrkja. Fredag kveld planlegg vi å ha ei pilegrimsmesse med nattverd i Jetmundkyrkja.

Laurdag 1. juli tar båten oss over fjorden til Leikanger på Stadlandet.  Vi vandrar opp til Olavskrossen på Dragseidet.  Er vi heldige og slepp skodde, går vi over fjellet langs den gamle kyrkjevegen og kjem ned ved Liset.  Her går det an å gå innom Atelier Amdam før det siste stykket til Selje sentrum. Laurdag kveld skal vi få med oss ein flott konsert med Bergen domkor i Selje kyrkje. Overnatting i Åheim.

http://www.seljekloster.com/wp-content/uploads/2011/05/Pilgrimar-p%C3%A5-Seljumannamesse_2010_foto_Lasse-Fl%C3%B8de_640x420.jpgSøndag 2. juli er endeleg dagen kommen for å ta båt det siste stykket over til sjølve Selja.  Der blir det ei kort vandring til Selja kloster før vi deltar i gudstenesta.




Dagane vil bli ramma inn av enkle samlingar med korte tidebøner og pilegrimstankar.  På delar av vandringane vil vi vere stille.  Vi legg opp til å halde saman som gruppe, og ha eit tempo som passar for alle. Ein treng ikkje vere «super-sprek» for å vere med, men ein bør vere i normalt god form til å gå dagsetappar på opp mot 15 km. Bagasjetransport vil bli organisert, slik at vi berre treng dagstursekkar på vandringane.


Prisen for denne turen er kr 5000,-  Det inkluderer mat, billettar og enkel overnatting. Standard på overnattingane vil variere, men ein må vere innstilt på å dele rom med andre. Ein bør ha med sovepose for ein av overnattingsstadene.

Leiarar på denne turen er Geir Sakseid, sokneprest i Giske, og Inghild Remøy, kyrkjetenar i Sande.

Påmeldingsfrist: 1. mai. 10-18 deltakarar.
Påmelding skjer ved epost til Geir Sakseid, gesa@giske.kommune.no / SMS til 91 32 55 68.
Meir informasjon vil bli lagt ut etter kvart.

Du finner meir informasjon på Sunnmørsleias bloggside. Dei har også ein egen Facebookside

 










Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Via Francigena på norsk


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.