Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
23. oktober 2018


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
GPS-kart for pilegrimer
Pilegrimsblogger
Pilegrimsvandring i Italia







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv












ANNONSER

Aktiv ferie og pilegrimsvandringer - på sykkel eller til fots - prøv:













Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring









Guidebok
for
Den smale vei

      

Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Dagsrapport 29 juni
Sist oppdatert 30.06.2010 13:05
 
Siste overnatting før Nidaros, Sundet gård ved munningen av Gaula. Og her var det kongeleg frakt over elva ved verten på garden, John Wanvik. Frå 1659 har garden vore i drift, og frå 1700 talet har hans familie vore uavbrutt eigar. Ifølge Magnus Lagabøtes lov skulle den garden som låg nærast der vegen kryssa ei elv syte for skyss, så han er i alle fall den 7. genererasjon som fergemann over Gaula. Her har vi endeleg fått smaka trøndersådd, og den smakte fortreffeleg. Og med hermetiske plommer m/krem og kaffi til dessert, så har vi ingenting å klaga over. Dagens etappe bydde oss og på fin og variert natur ned mot Buvika. Vi starta med eit besøk på Husaby gård. Her låg nemleg gården til Einar Tambarskjelve, den uvanleg flinke, bogeskytttaren til Olav Tryggvason. Denne garden er og nemnd i Sigrid Undsets Kristin Lavransdatter, så vi kjende at ringen på eit vis er i ferd med å sluttast etter besøket på Jørundgard i starten av vandringa. Vi delte oss i to lag og let dei to storfiskarane, Arild og Ronny få snusa opp fiskevatn undervegs, medan vi nytte livet i lange drag då vi endeleg fekk kjenning av hav og strand. Lenge etter at trøndersådden var fortært av oss andre, kom dei to med breie smil og høge tilrop. Mellom 20 og 30 fisk av fin steikestorleik var med i fangsten. Konkuransen med fjorårets pilegrimer er desidert avgjort i favør av årets fangst. Men fisken skal meir enn dragast på land, og trass i mange oppfordringar, var det presten og Nizar som sytte for steikt fisk i går kveld. Berre så det er sagt!

Ellers er no alle vandrarar, ingen i følgebilen. Alle er topp motiverte. No skal smerter trassast dei siste kilometrer til målet er nådd. Vi har passert «20 km. til Nidaros» støtta, og gler oss til bymarka og innmarsjen i morgon. Regnet som er meldt tar vi som det kjem. Yr har tatt feil før!



Eivind slappar av og nyt tilvære. Han har vore ein god mann og hjelpar for både mat og folk!


No er det tydeleg at «playboy» faktoren har gjort sitt inntog


Endeleg har vi nådd havnivået


Nedtelling på gang. Folket konstaterer nøgd at talet minkar for kvar gong


Kongeleg frakt. Her har også Ari Behn og Märta Louise blitt frakta over. Dei hadde og Nidaros som mål!





Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues




Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.