Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
20. januar 2018


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
GPS-kart for pilegrimer







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv












ANNONSER

Aktiv ferie og pilegrimsvandringer - på sykkel eller til fots - prøv:









Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring








Vi feirer påsken på Malta.
Blir DU med?


Sommervandring til Lindisfarne,
The Holy Island:
22-30 juni

       
Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Dagsrapport 27 juni
Sist oppdatert 30.06.2010 13:15
 
Den lengste etappen ligg no bak oss, frå Segard Hoel til skytterhuset i Svorkmo er det innpå 3 mil, nærare bestemt 27 km. Ein god del av km. er på asfalt, så det var ein veldig god kjensle å sleppa sekken av ryggen ved ankomst. Det er merkeleg kjensle når sekken er av ryggen etter ein heil dag med han på. Ein må nesten passe på å ikkje dette framover. Men trass lengden på traseen har dagen likevel vore ein god dag. Etter nokre km. passerte vi prestegarden i Meldal,og før vi visste ordet av det var vi invitert inn i hagen på kaffi og skillingsbollar av presteparet. Det skulle vera ei pilegrimsgrudsteneste der ein time etter vi passerte, og vi fekk prøvesmaka kyrkjekaffien. Dei måtte nok ein tur i frysaren etter at vi hadde forsynt oss. Enno ei oppleving av gjestfrie mennesker.

Nokre km. etter Meldal gjekk turen inn i ein nydeleg skogssti, og plutseleg dukka eit sælehus opp ved stien, der vi hadde vår matpause. Her møtte vi og følgebilen. Øyvind og Tore måtte ta deler av dagen i bilen for å pleia fot og kne, men det var kjekt å møta dei der. Slik hadde vi fellesskap med alle, også under vandringa. Dei drog og vidare og starta matlaginga, spagetti al picanti, m. heimelaga kjøttsaus. Godt med karbohydrater for slitne vandrarar.

Ellers har vi ein tidlegare bilselger, Are, med oss. Han driv stadig og kommenterer alle slags merkelege ting dei finn på her i Trøndelag, som t.d. desse terningane som dei heng opp i frontrutespegelen sin. Lite anar han at vi har funne eit flott eksemplar i vegkanten som prydar ryggsekken hans, til stor muntrasjon for både resten av følget og andre passerande trøndarar....

Vi hadde og flaks med ein Statoilstasjon på veien. Heldigvis har dei meir enn bensin og diesel å by på, så vi gjorde ein djupkykk i isfrysaren og fekk oss enno ein (velortent) pause..... Og som om ikkje det var nok, stillte Eivind med kvar si cola i det vi dukka ut av eit skogshold der pilegrimsleden hadde hatt ein sving frå landeveien. Han kan få attest frå oss til å stilla som bakkemannskap i Tour de France.

Full servce er heile tida stikord. Dei som hadde som mål å gå inn nokre hull i beltet, har no erkjent at dette målet blir vanskeleg (les: umogeleg) å oppnå..
No sit halve gjengen med beina i grønsåpevatn i eit fortvila forsøk på å reparera slitne bein til i morgon. God natt.



Overraskande traktering i prestehagen i Meldal. Slikt smakar ekstra godt. Her er det Arild som nyt skillingsbolle og kaffi.


"Hvis det rister mer nå, så blir det yatzy snart...." Are inspirert av Øystein Sunde


T.o.m. syklister legg merke til Ares litt spesielle pynt!



Ikkje berre kvinner som kan gjera to ting samtidig. Her er det Øyvind som kombinerer fotbad og gitarspill









Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.