Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
23. oktober 2018


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
GPS-kart for pilegrimer
Pilegrimsblogger
Pilegrimsvandring i Italia







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv












ANNONSER

Aktiv ferie og pilegrimsvandringer - på sykkel eller til fots - prøv:













Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring









Guidebok
for
Den smale vei

      

Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Dagsrapport 24 juni
Sist oppdatert 24.06.2010 23:02
 

Bergen_24_juni_4.jpg - 56.65 KB

Så var vi på landeveien igjen. 2 mil langs grusveg frå Oppdal til Berkåk (Hæverstølen). Før avreise hadde minstegutten på Bjerke og Nizar planlagt ei lita overasking for nyankomlingen Britt Hege: dei putta oppi 5 kg. stein i sekken hennar.

Kristian og Nizar kosar seg og ventar på reaksjonen hjå Britt Hege når ho skal ta sekken på seg.

Men tøffe Britt Hege merka ingenting då ho heiv sekken på ryggen, så til sist vart samvitet for tungt for dei to karane, og dei måtte fortelja henne alt. Vi starta opp i sol og shorts-temperatur og tok ein pust i bakken for å samla krefter. Men då var det og slutt på roen. Resten av etappen blei unnagjort i ein fart som kunne ta pusten frå både Nortug og Petter Solberg!.

Sekken er komen på ryggen, og Britt Hege er like blid som alltid. Klar til innsats om sekken veg 15 eller 20 kg.

Bergen_24_juni_3.jpg - 20.61 KB

Bergen_24_juni_5.jpg - 50.45 KBOm det var den rolege dagen vi hadde i går eller det var dei nye betjentane (les Are!!!) som var årsaken er ikkje godt å vita. Det var uansett godt at vi kom fram litt tidleg, for på ettermiddagen opna slusene seg med både regn, lyn og torden.

Eit fast rituale etterkvart er pleiing av bein og gnagsår. Her er det Øyvind og Ronny som må ta ein pust i bakken for å ordna på sportstape og compeed.


Og på Hæverstølen er det godt å vera. Her har Børge Dahle bygd opp eit tun med historiske sælehus (enkle overnattingshus for vandrarar og pilegrimar). Og når Øyvind hadde fått jaga oss bort frå kjøkkenet, slik at han fekk ro til matlaging, trylla han fram ein gryterett «mexicano all picante» som smakte kongeleg. Ingen skal sei at vi manglar noko i matveien på vandring. No kan det berre regna ute, inne er det varmt og godt.

Her er gutten i røyken. Øyvind har benka seg til måltid etter flott innsats ved grytene.

Bergen_24_juni_1.jpg - 20.96 KB
Bergen_24_juni_2.jpg - 42.22 KBAllsongen runga når vi fann fram til Bjørn Eidsvågs: shalala. Endeleg har vi og fått tak i kjele til kokekaffi, så kveldskos med sjokolade, kjeks, kaffi og kortspill gjer dagen komplett. I morgon er det ein fjelletappe som står for tur.

Vakkert og historisk med samlinga av sælehus på tunet på Hæverstølen.

 






Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues




Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.