Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
24. september 2018


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
GPS-kart for pilegrimer
Pilegrimsblogger
Pilegrimsvandring i Italia







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv












ANNONSER

Aktiv ferie og pilegrimsvandringer - på sykkel eller til fots - prøv:













Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring








NB: Pilegrimskontoret holder nå stengt på fredager

Mission
accomplished!

    

Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Dagsrapport 23 juni
Sist oppdatert 24.06.2010 23:07
 

Halvvegs i løpet fekk vi ei lita oppleving av luksus med oppredde senger og herleg hotellfrukost. Dvs. den blei avslutta allereie kl. 10.00, så nokre av gutta valde å sova over.

Men dei vakna fort då dei kom ut på den grøne enga framfor hyttene, for der låg dei unge ekspeditrisene og slappa av i graset. Presten blei nesten overtala til å gå bort å avtala stevnemøte....., men han held stand!

Kongsvoll med sine grøne enger. Ein flott plass for avslapping og rekreasjon

Bergen_23_juni_1.jpg - 27.10 KB

Etter ein liten togtur ned til Oppdal fekk vi endeleg aksla på oss ryggsekkane igjen, det er jo difor vi er her: Vi skal gå! Men det byrja å røyna på bein og musklar.

(Her skulle vi hatt med bildet av "ekspeditrisene" i solen, men det ble sensurert av presten. I stedet har vi valgt et flott togbilde - fra Kongsvoll)


Idag var det Mats som måtte ein tur til legevakten for å få dempa betennelse i eit kne. Vi saknar ekspertisen til Øystein i behandling av gnagsår og andre «vondter», men han er jo berre ein telefon unna!

Bjerke gård er ei heilt anna oppleving enn forrige overnatting. Her er det innkvartering på eit stabbur, i to etasjar, nokon på sofa, andre på madrass. Likevel, det spørs om ikkje dette gjer enno sterkare inntrykk pga. den hjartevarme vi kjenner frå vertskapet, Erik og Frøydis Bjerke. Her blir vi på ein enkel og ukomplisert måte berre invitert inn i deira liv og heim. Urtesuppa som Frøydis har laga smakte så godt at Nizar siklar etter oppskrifta. Vi kjenner takksemd for at det enno fins slike mennesker. Eit føredøme å leva opp til. Og det verkar som dei synest dette er kjekt!

Bergen_23_juni_3.jpg - 43.97 KB

Her er det og byte av mannskap, og vi takkar Kjartan, Heidi og Hilldur for fellesskap og felles opplevingar. Samstundes ynskjer vi Britt Hege, Eivind og Are velkomen blandt oss.

Rune prest takka av dei som no reiser heim. Kvar av dei fekk ein pilegrimskross laga av Thor Norheim og hans "disiplar" i Bergen fengsel.

Etter måltidet var det fleira av oss som havna under saksa. Nizar viser at han kan meir enn svinga sleivene på kjøkkenet, og har no pynta både prest og klokkar til midtsumarsfest.

Jostein er invitert til "bli ny dag" med skjønnhets-ekspert Nizar

Bergen_23_juni_4.jpg - 47.99 KB

Bergen_23_juni_2.jpg - 36.92 KB

Trass den rimelege frisørprisen ser det ut til at Rune er litt skeptisk. Er han redd for at øyra skal gå med i same slengen?







Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.