Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
20. januar 2018


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
GPS-kart for pilegrimer







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv












ANNONSER

Aktiv ferie og pilegrimsvandringer - på sykkel eller til fots - prøv:









Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring








Vi feirer påsken på Malta.
Blir DU med?


Sommervandring til Lindisfarne,
The Holy Island:
22-30 juni

       
Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Selje kloster og helgenanlegg - Norges eldste pilegrimsmål.
Sist oppdatert 21.12.2009 16:04
 

Sammendrag av innlegget til Bjørn E Jensen, Selje kommune

Kort historikk/samandrag
·  Olav Tryggvason fann relikviar på øya i 996, og heilagstaden knytt til Sta. Sunniva og Seljemennen vart grunnlagd.Olav Tryggvason kristna fir fylke på Dragseidet (Stadlandet) i 997.
·  To helgenar knytt til Selja; Sta. Sunniva og St. Albanus.
·  Sta. Sunniva var skytshelgen for Bergen, Vestlandet og for dei sjøfarande.
·  Bispesete for Vestlandet 1068-1170, då bispen flytta til Bergen.
·  Benediktinarkloster frå slutten av 1100-talet.
·  Restaureringar, utgravingar og funn.

Øya Selja
Øya Selja ligg rett ved kommunesenteret Selje på sørsida av Stadlandet. Historisk sett reknar ein Selja som ein viktig nasjonal kyrkjehistorisk stad. Årsaka til dette er at øya var ei sentral hamn i trafikken langs norskekysten. Ein kunne leggje seg i ei god hamn og vente på bør eller ein kunne søkje ly for uveret når ”Stadten” var på sitt verste. Havvettene utafor Stad var frykta av alle.

Selja var og på ein måte eit hovudvegkryss for trafikken vestover til Island, Grønland og Færøyane. Vidare var dette midt i ”tjodleia” for trafikken nordover til Trondheim og Nord-Norge. Det passa nok difor godt inn i gryande rikssamling at det vart etablert eit tungt miljø her i samband med kristningsprosessen av Vestlandet. Det vart bygd kyrkjer her til Sta. Sunniva oppe ved hellaren og til St. Albanus nede på sletta. Arne Bakken seier at kyrkja i hellaren er ”Den norske kyrkja si livmor” og Sigrid Undset seier om kyrkja oppe i hola at det er ”Noregs eldste kyrkjetak”.

Sjølv om det er få spor etter pilegrimar på Selja, må anlegget likevel ha vore eit viktig pilegrimsmål i mellomalderen og sannsynlegvis også ei god stund etter reformasjonen. Det er funne fem pilegrimsmerker under ei utgraving på 1990-talet og det vart og funne votivgåver i form av trekors av furu. Ein reknar og med at benediktinarane overtok anlegget når bispen flytta bispesetet til Bergen. Bendiktinarane har bygd og utvida klosteranlegget over dei neste par hundre åra og det har dei ikkje gjort dersom klosteret og helgenstaden ikkje hadde vore eit viktig pilegrimsmål.

Selja i dag
I våre dagar er om lag 7000 registrerte besøkjande på Selja, altså gjennom Turistkontoret og Klosterbåten. Desse har og ansvaret for guidinga på øya. I tillegg kjem det ganske mange dit med eigen båt, med rutebåten og frå nokre mindre turistskip som ankrar opp rett utafor øya.

Eg har sett og eg har snakka med mange somhar besøkt Selja dei siste 15 åra og har sett at det er ein annan type besøkjande enn tidlegare. Svært mange er interessert i historia og gjev uttrykk for at dei er på leiting etter noko anna enn flimmersamfunnet og kjøpesamfunnet, for å bruke det uttrykket. På ein måte har eg sett ei utvikling i retning av ”moderne pilegrimar” med varierande motiv for besøket.

Riksantikvaren satsar mykje på å få Selja opp på det nivået landets nest største kyrkje- og klosterruin frå mellomalderen fortener. Det er eit komplekst anlegg, ettersom det er så samansett og så på ein måte komplett, med heile anlegget intakt frå båtopptrekk og naust  via klosteranlegg og gjestehus til heilagdomen og pilegrimsmålet oppe i Sunnivahola.

Kyrkjene på Selja har aldri vore avvigsla og dei vert i dag mykje brukte til bryllaup, dåp og konfirmasjon. Seljumannamesse til minne om ”..dei heilage som søv på Kinn og på Selja”, vert arrangert kvart år så nær opp til 8. juli som mogleg. Den katolske kyrkja har alltid messe på Selja 8. juli, og mange andre kyrkjesamfunn kjem og på besøk, t.d. gresk-ortodoks og russisk-ortodoks. Det er og andre arrangement på Selja, t.d. ”Lyset frå Selja”, ein teaterkonsert som vart igangsett i 2004. ”Dragseidspelet”, rett over fjorden på Stadlandet, er og eit arrangement som er knytta til Selja og kristningsprosessen på Vestlandet.

Miljøverndepartementet har gjennom Riksantikvaren sett i gang eit prosjekt for skjøtsel og konservering av ruinar frå mellomalderen, der Selja er med frå 2005-2015. Det betyr at anlegget vert teke vare på gjennom konserveringsarbeid av bygningane, men ikkje minst at det vert gjort betre tilgjengeleg for besøkjande. Det ligg og eit viktig moment av informasjon og oppleving inne i dette prosjektet. Sogn og Fjordane fylkeskommune, Selje kommune og Riksantikvaren er difor samarbeidspartnanar. I tillegg er NIKU involvert på oppdrag med laserscanning av øya og bygningane, slik at dette materialet, som primært er eit dokumentasjonsverktøy, og kan nyttast til presentasjon av anlegget for dei som ikkje kjem seg heilt ut eller i det minste ikkje opp til hola, kan få ei oppleving av Selja.

For å vidareutvikle bruken av kultur, historie og natur, er det skipa eit utviklingsprosjekt som heiter ”Selja og Stad”, der ein skal utvikle turist-og opplevingsnæringane saman med anna lokalt næringsliv i samarbeid med kultur og næringsutvikling i Selje kommune. Vi har i den samanheng etablert eit tverrfagleg miljø i Sunnivahuset, der Klosterbåten legg til og der Turistkontoret held til..

Vi vil leggje vekt på å etablere eit pilegrimsmottak med vekt på innhald - overnattingstilbod - klosterbåt og forhåpentleg etterkvart ei pilegrimspreststilling. Dette gjer vi fordi vi no alt er komne i gang med pilegrimsleia Kinn-Selja, der ein er i ferd med å rydde veg, samordne sjøtransport og informasjon. Vi vil gjerne sjå denne løypa i samband med Nordsjøløypa og delar av Den Trondhjemske Postveg. Vi har alt rydda og merka stien over Berstadeidet og på nord- og sørsida av Selja. Samtidig har vi rydda og merka Kongevegen frå Eide (Selje) til Kjøde, der det går an å kople St. Jetmundkyrkja og Sunnmøre til Selja. Slik meiner vi at vi kan trekkje møresida med i å etablere kystpilegrimsleia mellom Stavanger og Trondheim.Vi skal og på eit seminar i Skjåk om pilegrimsfart austafrå mot Selja, og vi har likeins ein søknad inne om midlar for å kopla Selja mot Iona og Lindisfarne.

Oppsummering
Våre mål i arbeidet med ”Vegen vidare” vert
·  Oppfølging av Pilegrimsmotivet; med eller utan KKD-støtte
·  Selja som regionalt pilegrimssenter
·  Mottaksapparat i Selje for pilegrimar
·  Fokus på nettverksbygging og samarbeid med kystleia og aktuelle pilegrimsmål mellom t.d. Stavanger og Trondheim
·  Ta kontakt leia nordafor Trondheim
·  Felles trykk mot KKD (jfr. vårt tidlegare brev til Trond Giske)

Støtte frå KKD ser vi på som rein bonus, og vi trur at vi saman må ta tak for å få kystleia fram og i drift!











Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.