Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
18. juni 2018


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
GPS-kart for pilegrimer
Pilegrimsblogger
Pilegrimsvandring i Italia







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv












ANNONSER

Aktiv ferie og pilegrimsvandringer - på sykkel eller til fots - prøv:













Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring









Neste medlemstur
går til
Georgia!

       

Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


19 juni: Øysanden - Nidaros
Sist oppdatert 20.06.2009 01:03
 

Rapport fra dag 15 - siste vandringsdag!



Det er alltid stort å bryta målsnora!
Det har vi no gjort!
Litt før kl.16.00 svinga vi opp framfor Nidarosdomen og kunne endeleg sette vandringssekk og stav frå oss for siste gong på denne vandringa.15 dagar med opplevingar som antakleg kjem til å fylgja oss resten av livet har fått sitt punktum. Eller har det det? Kanskje er prossessar i gang som kjem til å arbeida i oss også etter at sure sokkar er vaska og ømme tær er lekt.

Den siste dagen var i alle fall ei festreis, rett nok den og i lett duskregn ei stund, men lettare og lettare etterkvart som målet nærma seg. Vi starta med ein idyllisk rotur over elva Gaula ved hjelp av ei skysskar. Etter ei seig stigning på veg bar det inn på stiar og skogsvegar i Bymarka.

Idyllisk over elva Gaula. Her har det vore pilgrimsskyss sidan middelalderen


I dag hadde gutta verkeleg fart i beina. Det var som om dei flaug opp og ned stiane og fram mot utsiktspunktet mot Trondheim: Lian. Der vart vi og møtt på den best tenkelege måten: representantar for pilegrimsselskapet møtte oss med bollar, masser av kaffi og.... heimelaga bløtkake + ei anna kake.
Men før vi roa oss der måtte vi ut på leiting etter to pilegrimer. Roar fekk seg ein ekstra trimtur, men til sist dukka dei opp frå eit buskas - dei hadde gått feil.

Resten av turen gjekk vi i samla flokk. Etter å ha dusja av seg vandringstøv og skit fekk vi ei fantastisk omvising i og rundt Nidarosdomen, inklusiv ein tur opp i eit av tårna. For oss alle blei det ei sterk oppleving, og samlinga i Mariakapellet var ei avslutning som prega seg inn i sinn og sans hjå oss alle. Der fekk og alle utdelt ein flott tinnkross som var laga i fengselet før vi reiste. Ei verdig avslutning på to flotte pilegrimsveker.

Kvelden vart avslutta med pizza på Peppes. Gutta gjorde der litt honnør til våre to følgedamer og overrekte gåver og gode ord.

To av grimene var då ein bart fattigare, og på andre gror det friskt under nasa. Men bildet blei det aldri noko av. Til sorg for dei fleste og lettelse og glede for Olsen.

Så ble vi nødt til å Google frem noen andre barter i stedet ...

Når Bergens-grimene omsider klarer å falle til ro etter dagens store begivenhet, så skjer det her på Nidaros pilegrimsgård, mellom kirkegården og Nidelva

I morgon blir det bading på pirbadet og tur til Munkholmen (værforbehold) før bussen går i morgon kl. 20.00.







Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.