Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
18. januar 2018


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
GPS-kart for pilegrimer







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv












ANNONSER

Aktiv ferie og pilegrimsvandringer - på sykkel eller til fots - prøv:









Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring








Vi feirer påsken på Malta.
Blir DU med?


Sommervandring til Lindisfarne,
The Holy Island:
22-30 juni

       
Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


18 juni: Skaun - Øysanden
Sist oppdatert 18.06.2009 21:48
 

Rapport dag 14

Nest siste vandringsdag er over. Det var ein fin tur frå Skaun til Øysanden, for det meste på fine naturstiar og litt på veg. Vi passerte Husaby, og Harriet gav oss ein engasjert og levande historietime om Einar Tamberskjelve, som budde her i «hine hårde dager».

Tilbakeblikk over Skaun med kirka fra 1100-tallet

Pilegrimane har verkeleg fått farten opp, så dagens etappe blei unnagjort i eit rekordtempo. Men kanskje var det like godt, for regnet starta forsiktig like før vi kom fram, og auka i intensitet då vi var framkomne. I dag var det heller ingen feilnavigasjon, og kartet stemte med terrrenget.

Dagens store pilegrimsgjerning opplevde vi på vegen ned mot bebyggelsen i Buvika. Pilegrimene er alltid årvåkne og får med seg detaljar rundt seg. Plutselig oppdaga ein av dei ein bag som låg nedi eit skogkratt. Det viste seg at den inneheld både klær, mobiltelefon, husnøkar og ei telefon/adressebok. Vi tok bagen med oss og kom i prat med gutta på ein lokal verkstad. Då ein av dei bladde i notisboka, fekk han seg ei overrasking: «Her står jo navnet og telefonnumeret mitt» Og dermed byrja dei å nøsta opp både eitt og hitt, så vi fekk med oss lokalhistoria i Buvika på kjøpet.

Elles ser vi no fram til morgondagen. Vi har avtala omvisning i Nidarosdomen og ein avsluttande samling i Mariakapellet, eit eige pilegrimskapell.

Der vil alle få utdelt sitt personlege pilegrimsbrev. Nokre har og bore med seg ein stein eller anna som ei symbolsk handling under vandringa. Desse vil vil legge av her og ha ei lystenning.

Vi vender no blikket framover. I det fjerne anar vi konturane av målet for vår vandring

Vi har jo og ei annan markering som det er knytt stor forventning til: gutta sparar på bart på harde livet, og ser fram til at trønder-Øysteins trønderbart står for fall. I tillegg har Øyfred gitt etter for press og vil la sin velutvikla mustasje falle, han og. Detaljar her vil kome i morgondagens rapport. Følg med!

Vår trufatse følgesvenn Roar førebur siste etappe med ein pust i bakken. Motto: "Ei skive i barten er betre enn ein bart i skiva"

Og her på Øysanden camping sover våre venner trygt og samler krefter til den siste og avgjørende styrkeprøven i morgen









Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.