Det blei ein kjempestart for pilegrimene den første dag på vandringa.
Vi starta med ei flott orientering i kyrkja i Kvam; kyrkja brann ned under krigen, og er oppbygd nett slik den var frå før brannen. Det er vår medbrakte pilegrimsguide, Harriet, som har sett seg inn i alt som er verd å få med seg av kultur og pilegrimstradisjon som sto for den. Vi blei litt forvirra av retninga på kyrkja, som sto sør/nord og ikkje øst/vest slik oppskrifta er! Harriet har og funne fram til daglige vandringstekster som vi samler oss om kvar dag ute i den mektige naturen. |  | Dagens gode gjerning blei utført av pilegrimenes fortropp. Dei oppdaga ei av dei lodne firbeinte, også kalla sau, fastkilt i gjerdet. Heldigvis fekk den att fridomen sin før resten av pilegrimane kom fram. Då kom det nemleg forslag om fårikål. Presten var og nær ved å kvitte seg ufrivillig med sin vandringstav, men ble redda av den alltid årvåkne Øystein. Han har og med ei imponerande samling av dippedingsar og duppedittar i sekken sin: Plutseleg fiska han opp eit kokeapparat og serverte rykande varm sjokolade, solbærtoddy, kaffi m.m. Skulle ikkje tru at vi var midt i eit aude skoglandskap. Været har og synt seg frå si beste side: meir og meir sol, passeleg varmt, og då vi kom fram til dagens mål: Storrusten camping, har folket slengt seg på plenen og kosa seg i sola. Middag i dag var kyllingfilet i spesiallaga marinade: hot, medium og mild, alt etter ønske. Innsette i Bergen Fengsel kan dette med gourmet-mat! 
|