Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
23. november 2017


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
Anbefalt litteratur







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv












ANNONSER

Aktiv ferie og pilegrimsvandringer - på sykkel eller til fots - prøv:









Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring








NB: Pilegrimskontoret i Huitfeldts gate 11 holder stengt torsdag 23 november
Siste Åpent hus:
En portugisisk festaften
med Gry!

       
Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Fokstugu Fjellstue
Sist oppdatert 03.05.2012 21:30
 

Sagatradisjonen seier at Kong Øystein Magnusson fekk bygd fire sælehus på Dovrefjell tidleg på 1100-talet for å gje ly til reisande på det verutsette vegstykket over fjellet. Seinare skulle desse enkle husa også huse pilegrimar på vandring mot Heilage Olav si grav i Nidaros, nå Trondheim. Fokstugu (1000 m.o.h.), den fyrste av dei fire historiske fjellstuene på veg nordover, har vore herberge og skysstasjon gjennom fleire hundre år. Denne enkle forma for losji vart fullstendig forvandla frå 1890-talet og fram til 2. verdskrig, da fjellstuemannen Anton Solberg utvikla Fokstugu (eller Fokstuen som garden vart kalla da) til eit moderne høgfjellshotell med plass til over 100 gjestar. Hotellbygninga i sveitserstil står att i dag, akkurat som Fokstua stasjon fra 1921, som tok i mot langvegsfarende gjestar til hotellet.

Så tidleg som i 1816 kom dei fyrste utanlandske naturforskarane til Fokstugu for å studere det rike fugle- og plantelivet på myrområda nordvest for Fokstugu. Allereie i 1911 vart 52 planteartar freda ved Fjellstuene på Dovre, som det fyrste klassiske naturfredningsvedtaket i Noreg. I 1923 vart også Fokstumyra freda som det fyrste større naturfredningsområdet i landet. I dag blir Fokstumyra Naturreservat besøkt av nærare 4000 fugleinteresserte kvart år. Med 168 registrerte fugleartar, av desse 78 hekkande, er dette Ramsarområdet rekna som ein del av vår viktigaste våtmarksarv.

Den nær tusen år lange tradisjonen på Fokstugu med å gje ly og husrom til vandrarar og naturelskarar, blir vidareført på Fokstugu i dag. Gjestane er i fyrste rekkje ornitologar og botanikarar, som får bu i ein av dei gamle bygningane frå slutten av 1800-talet. ”Ditt Hus” er innreia i gamal nordisk stil, med møblar frå generasjonar med fjellstuedrift. Som gjest får du tilgang til eit fullt utrusta kjøken for sjølhushald og ei romsleg stue med peis. Huset kan romme 15 gjestar i individuelt innreidde soverom av varierandre storleik.

Kongevegen frå Oslo til Nidaros, som seinare vart den historiske Pilegrimsleden, går den dag i dag i sin opprinnelege trasé rett gjennom tunet på Fokstugu. Dette fører til at stadig fleire pilegrimar kjem til Fokstugu, enten for ei eller fleire overnattingar, der dei kan oppleve miljøet på ein fjellgard der sauehald er hovudnæringa. Om våren blir det sleppt om lag 800 sauar på beite i Dovre Nasjonalpark. Denne 289 km2 store nasjonalparken ligg rundt Fokstugu Gard og byr fjellvandrarar vakre naturopplevingar.

Frå 1923 har Fokstugu vore ein av Meteorologisk Institutt sine verstasjonar i Sør-Noreg. Etter 85 år med verobservasjonar kvar tredje time, bidreg Fokstugu med viktig informasjon til klimastudier.

Fire kilometer nord for Dombås, med utsikt over Fokstumyra og Dovrefjell, har Fokstugu lagt ut eit begrensa antal hyttetomter for sal.

Fokstugu Fjellstue

Laurits og Christiane Fokstugu
N – 2660 Dombås
Norge

Tel. 0047 – 61 24 14 97

http://www.fokstugu.no/
e-mail: laurits@fokstugu.no










Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.