Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
24. oktober 2017


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
Anbefalt litteratur







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv













ANNONSER
Aktiv ferie, på sykkel eller til fots - prøv:





Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring








Anne-Sissel Bergum:
Med sekken full av håp
tirsdag 24 oktober
i Centralkirken, Oslo
 

       
Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Årets pilegrimsvandring til Røldal
21.09.2017 12:08
I år vart det ei avkorta vandring sidan få ville gå frå Seljord, og langt fleire ville ta turen frå Vågslid.


Det var elleve som møtte fram på Haukelifjell skisenter om ettermiddagen den 4. juli. Dette vart også basen vår for tre netter, sidan der ikkje er høvelege overnattingsstader over fjellet.

Middagen får vi levert av Haukeli Hotell, medan turrmatinnkjøpa syter underteikna for. Ragnvald Christenson var invitert til å vera med fyrste kvelden. Han er sjølve «pilegrimsvegen sin far», og hadde mykje å fortelje turgruppa.
Onsdagen opprant med det beste vêr. Klokka 9 kom Tjøstolv Kvålen og Eilev Erikstein for å vera dagsvandrarar over fjellet til Ulevå. Begge to har gått vegen mange gonger, og fann fram gjorde dei denne gongen og. Denne dagen var Olav Tveita og Trygve Rui med og gjekk. Sistnemnde møtte opp kvar morgon og var med heilt fram, det gjorde Tjøstolv også. På Ulevå vanka det saft og jordbær før Bratland Buss frakta vandrerane attende til skisenteret.

Torsdagen var også godt gåvêr. Vi vart køyrde oppatt til Ulevå og gjekk på nordsida av Ulevåvatnet. Det vart ein rast ved Saltvadet der Morgan Thorsen hadde ein liten andakt. Herifrå og til Hadlene var det stille vandring. No måtte vi passere eitt par snøfenner, noko som gjekk greitt. 

Der hadde fare syklistar føre oss. Matpausen hadde vi på Middyrflaten, og medan vi sit der passerer 17 reinsbukkar ovanfor oss. Det er det ikkje alle vandringsgrupper som har fått opplevd - eitt flott syn!

Vi hadde ein stans i Dyrskar også, der det var mogeleg å sjå den freda vegbrakka inni. Vidare gjekk vi ned til Øysteinsvatnet, og her var siste matpausen. Det er interessant å gå her; ein veg som har vore nytta i uminnelege tider, om det no helst er sau som vandrar her. 

Fram til Midtlæger og Svandalsflona valde vi litt ulike vegar. Dei to tøffaste gjekk over Holbubekken på usikra stokkar.

Fredagen var det slutt på finveret, denne dagen hadde vi yr og skodd heile dagen. Bratland Buss henta oss litt over 9, for vi hadde avtale om å vera på Svandalsflona halv 10. Der møtte vi varaordførar i Odda kommune, Linda Haugland Jondahl og Leiv Varberg. No fylgde vi vegen til vegbrakka, Staven, der Morgan Thorsen hadde ei samlingsstund. Her fekk også varaordføraren overrekt «Og fann eg dei stigar» som eit minne om turen.
 

Herifrå og ned til Olavssteinen var det vandring i stillhet. Vidare ned Austmannalia var det mykje høgt gras å vasse i. Tydeleg at beitedyra manglar.

Matpausen var ved idylliske Bruhølen etter å ha gått over den 10 år gamle stokkebrua. Vegen vidare om Krosslia og ned til bygda gjekk heldigvis utan uhell. Det vart ein liten stans ved Johild Mæland sin lavvo: «Hortus Conclusus» som har dekorasjonsmåling som i kyrkja.

Siste bit av vandringa går på hovudveg og bygdaveg. Då vi såg kyrkja hadde vi ein stans der  Erik Gjestvang bidrog med mange høvelege dikt.

Til kyrkja kom vi under merkeleg klokkeklemt...

Margit Gjørv









Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Via Francigena på norsk


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.