Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
23. oktober 2017


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
Anbefalt litteratur







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv













ANNONSER
Aktiv ferie, på sykkel eller til fots - prøv:





Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring








Anne-Sissel Bergum:
Med sekken full av håp
tirsdag 24 oktober
i Centralkirken, Oslo
 

       
Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Velkommen til Røldal sommeren 2017
20.02.2017 15:57
Røldal er ett av våre eldste pilegrimsmål, og fleire veger fører hit, den lengste går frå Seljord. Du er velkommen til å delta både i årets vandringer og det avsluttande pilegrimsstemnet 7-9 juli

Frå mellomalderen og fram til 1850 talet gjekk det føre seg ein årleg valfart gjennom Telemark til Røldal. Målet var krusifikset i Røldal stavkyrkje. Legenda fortel at kvar jonsok sveitta krusifikset i kyrkja, og sveitten var undergjerande. Folk strøymde til frå inn- og utland for å bli lækte.

Røldal vart på den tid eit av dei viktigaste pilegrimsmåla i landet, berre Nidaros var større, men dit stoppa vandringane med reformasjonen. Medan dei til Røldal heldt fram i endå
300 år.

Pilegrimsvandringa er ein tur for både kropp og sinn, eit kvilerom med plass til ro og ettertanke. Det er ei vandring og eit møte, ikkje berre med vakker natur og interessante soger, men og med menneske ein kanskje elles ikkje ville ha møtt. Natur og kultur vil gå hand i hand, og vandringa passar for alle, anten målet er den indre reisa eller den kulturhistoriske.
Det har dei siste åra blitt organisert vandringar hit frå ulike kantar, og det ser ut til at dette også vil skje i år. Den eldste organiserte vandringa,  frå Seljord til Røldal, startar 29 juni, med muligheiter for start frå fleire stader. Den tradisjonelle vandringa frå Hovden er i år erstatta av eit anna tilbod med Pilegrims-weekend med buss frå Kristiansand 7 juli og mulig dagsvandring frå Kaldevatn til Røldal. Dessutan blir det organisert ein pilegrimsreise med buss, båt og vandringer frå Stavanger med start 4 juli.

Årets program for pilegrimsturen frå Kristiansand med høve til dagsvandring frå Kaldevatn til Røldal og deltaking i pilegrimsstemnet i Røldal finn du her.

Utstein pilegrimsgard har lagt ut programmet for pilegrimsturen frå 4 juli på si nettside.

 Her finner du Google-kart over Røldalsvegane. Du kan zoome deg inn og få de detaljane som du ynskjer!



Vandringa frå Seljord
Vandringa mellom Vest-Telemark og Røldal går i variert natur, gjennom bygder og over høgfjell. Dei lokale sogelaga sine representantar er kjentmenn og førarar på turen. Dei vil ikkje bare leie deltakarane gjennom det fysiske landskapet, men og gjennom kulturen og historia langs vegen.

Det vil bli spesielle markeringar ved dei kyrkjene pilegrimane passerer på vegen vestover.

Seljord kirke - labyrint29.juni startar gruppa som skal gå frå Seljord. Frammøte ved Seljord kyrkje. Det er mogeleg å slutte seg til gruppa undervegs, eller berre gå deler av turen.
Den 5. juli startar vandringa for dei som skal gå frå Vågslid. Frammøte på Haukelifjell Skisenter i Vågslid.

Vandringen startar med pilegrimsgudsteneste kl 11 i Seljord kyrkja.  
Vi kjem fram til Røldal kyrkje under klokkeklemt om ettermiddagen fredag 7. juli.
Kultur og kyrkje
Det er historielaga i Vest-Telemark og einskildpersonar i Røldal som er
årsaka til at vi i dag har høve til å gå pilegrimsvandringa. Det var dei som tok på seg arbeidet med å lokalisere vegen, rydde og merke han. Saman med tidlegare pilegrimsprest i Nidaros, Rolf Synnes, organiserte dei den fyrste vandringa. Dei er framleis eigarar av prosjektet.
Pilegrimsvegen representerer gamal kulturhistorie, det same gjer bygdene og landskapet han går gjennom. Mellomalderen sine pilegrimsvandringar til Røldal er ein del av den historia vegen ber på. Historielaga er framleis engasjerte i avviklinga av den årlege vandringa. Dei stiller med kjentmenn som er førarar på alle dagsetappane. Dei kjenner både vegen og den kulturhistoria som er knytt til han. Undervegs vil dei stoppe og fortelje om det som er av interesse.

Med på vandringa vert ein kyrkjeleg person som er vandringsleiar på heile turen. Det vert haldne små, daglege meditasjonar, anten ute i friluft, eller i dei kyrkjene vi vitjar på vegen. Ut over dette er turen slik at kvar einskild legg i han det ein ynskjer.

Vandringar og overnatting
Terrenget er forskjellig frå dag til dag. Vi byrjar i låglandet, går over heiar
og høgfjell til vi til sist går ned dalane til Røldal. Vi arbeider med å legge vegen utanom asfalt der dette er  mogeleg, men det er ikkje alle stader at det let seg gjere. Ellers går turen langs grusveger, stigar, og i utmark.

Dei tyngste dagsetappane er nok dei frå Morgedal til Øyfjell (kupert terreng), frå Edland til Vågsli, dvs over Haukeliheii (bratt stigning opp frå dalen) og frå Vågslid til Ulevå, dvs over Haukelifjell (fint høgfjellsterreng, men lang dag). På denne etappa kjem pilegrimsvegen opp i 1190 moh. 

Det blir ordna med transport opp den bratte lia i Morgedal. Dei som ynskjer å gå opp lia kan sjølvsagt gjere det.

På Haukelifjell er det få passande overnattingsstader, og vi blir transportert med buss fram og tilbake til overnattingsstaden Haukelifjell skisenter. 

Dagsetappane er mellom 15 og 23 km, og vi understrekar at alle treng eit fysisk fundament for å gjennomføra turen. Bagasjen blir transportert frå overnattingsstad til overnattingsstad. Deltakarane ber berre med seg ein liten dagstursekk med nistepakke og det ein treng for dagen.

Vi overnattar for det meste i campinghytter med forskjellig standard og kvalitet . Vi fyller opp hyttene slik at prisen pr. person blir låg. Alt er tinga på førehand. Hugs å ta med sovepose!

Pilegrimspass vil bli stempla for kvar dagsetappe.

NB! Det er ikkje tillate med hund!

Mat
Dei fleste dagane steller vi brødmaten sjølve. Vi har med oss matpakke på turen kvar dag og har middag om kvelden.

All mat er inkludert i førehands-innbetalinga. Den prisen vi har rekna til innkjøp av brødmat er basert på erfaringar frå tidlegare år. Eit eventuelt overskot på denne kontoen vil bli bruka til vedlikehald av vegen.

Prisar og betaling
Seljord Kviteseid – Røldal: kr. 8300.-
Vågslid - Røldal: kr. 5300.-

Pilegrimsvegen til Røldal har konto nr. 3530.24.50895
Ein bed om innbetaling innan 1.juni .

Guidebok
I 2007 gav vi ut boka ” Fann eg dei stigar” ei kulturhistorisk vegbok for strekninga. Alle som melder seg på og betalar, får ei bok ved oppstart av vandringa.

http://www.mokleiv.info/www.mokleiv.info/Pilegrimsvandring_til_Rldal_files/droppedImage.jpg

Pilegrimsstemnet
Det tradisjonelle pilegrimsstemnet i Røldal er med i vandringspakken, slik at vandringa er ikkje over før sundag 9. juli.

Stemnet i Røldal er knytta til ”gamaljonsok”, 6 juli etter den julianske kalenderen, og omfattar pilegrimskonsert om fredagskvelden, seminar, krossvandring og midnattsmesse om laurdagen.

Hjarteleg velkomne, alle saman!
Helsing Margit Gjørv
vandringsorganisator


Mobilnr: 97 67 20 91.
Heimenummer: 53 64 71 16
E-post: margjor@online.no


Program for pilegrimsvandringa frå Seljord til Røldal 2017


Torsdag 29. juni
Etappe: Seljord - Morgedal
Lengde: 22 km. Lett etappe, men mykje asfalt.  
 
Fredag 30. juni
Etappe: Morgedal - Øyfjell
Lengde: 21 km, 6 av desse i bil. Relativt hard etappe. Fjell- og skogsterreng.

Laurdag 1. juli
Etappe: Øyfjell - Åmot

Lengde: 18 km. Lett etappe, men ein del asfalt.

Sundag  2. juli
Etappe: Åmot - Mjonøy
Lengde: 15 km. Middels hard etappe. Skiftande terreng.
Start med gudsteneste i Åmot kyrkje


Måndag  3. juli
Etappe: Mjonøy - Haukeli

Lengde: 23 km. Lett terreng. Ein del asfalt.

Tysdag  4. juli
Etappe: Haukeli – Vågslid
Lengde: 19 km. Relativt hard etappe. Skogs- og fjellterreng

Onsdag  5. juli
Etappe: Vågslid - Ulevå
Lengde: ca 17 km. Middels hard etappe i fjellterreng

Torsdag  6. juli
Etappe: Ulevå - Svandalsflona

Lengde: 15 km. Relativt lett etappe i fjellterreng.

Fredag 7. juli
Etappe:Svandalsflona - Røldal

Lengde: 12 km. Enkel etappe i skiftande terreng.

Når vi kjem fram til Røldal blir det samling i kyrkja ved den daglege leiaren.
Deretter felles middag på Skysstasjonen. 



Program for pilegrimsstemnet i Røldal 2017

7 - 9 juli deltar pilegrimane på årets pilegrimsstemne i Røldal

Fredag 7. juli
kl 09.30: Dagsetappen frå Svandalsflona startar  
kl 14.30: Pilegrimar frå Seljord kjem til kyrkja
                   -  liturgisk samling
kl 17.15: Pilegrimar frå Hovden kjem til kyrkja
                -  liturgisk samling
kl 18.00: Pilegrimar frå  Stavanger kjem til kyrkja
-  liturgisk samling
kl 19.30: Pilegrimskonsert i kyrkja   
kl 21.00: Ope pilegrimssamling i Røldal grendahuset
                   
   
Laurdag 8. juli
kl 08.00: Laudes  (liturgisk morgonsamling i kyrkja)
kl 08.45-10.00: Felles frukost på Grendahuset
kl 10.00: Pilegrimsseminar
kl 13.00: Middag på Grendahuset.
kl 15.00-16.00: Bønetime i kyrkja. Høve til forbøn.
kl 16.00-17.00: Bli kjent med midnattsmessa – liturgi og  melodiar.
kl 17.00: Pilegrimar frå Hovden kjem til kyrkja.
kl 18.00-18.45: Kveldsmat på Grendahuset.
kl 18.30-19.40: Transport frå kyrkja til Bruhølen camping.
kl 20.00: Krossvandring frå Bruhølen camping til kyrkja
kl 23.00: Pilegrimsmesse m/nattverd.
               
   
Sundag 9. juli
kl 08.00: Laudes  (liturgisk morgonsamling i kyrkja)
kl 08.45-10.00: Felles frukost på Grendahuset
Avreise

 










Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Via Francigena på norsk


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.