Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
24. november 2017


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
Anbefalt litteratur







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv












ANNONSER

Aktiv ferie og pilegrimsvandringer - på sykkel eller til fots - prøv:









Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring








NB: Pilegrimskontoret i Huitfeldts gate 11 holder stengt mandag 27 november
Siste Åpent hus:
En portugisisk festaften
med Gry!

       
Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Påskevandring i Danmark
08.04.2015 11:07
Planen var å vandra Jylland på langs frå Hirtshals til den tyske grensa i påsken 2014. Eg hadde ein flott tur, og eg hadde vegen for meg sjølv


Eg hadde førebudd meg med å kontakta Pilegrimskontoret i Viborg og Turistinformasjonen i Hirtshals. På framlegg frå dei hadde eg funne fram til e-kart som vart skriven ut i papirformat.  Eg gjekk åleine og tenkte det ikkje var naudsynt å tinga overnatting på førehand.


Hirtshals – Løgstør
Eg tok ferja frå Kristiansand til Hirtshals 1. april. Det var uventa vanskeleg å finna ut korleis eg skulle starta i Hirtshals. Eg hadde planlagt kort vandring første dagen, sidan det var ein reisedag. Etter litt leiting gjekk eg til slutt ut til Hirtshals fyr og følgde ein sti sørover.  Fantastisk flott i opphaldsvèr langs sandklittene og strendene – med mange bunkers og skyttargraver. Deretter følgde eg gang/sykkelveg til eg fann skilting til hotell og campingplass. Hotella var stengt, men eg fekk eit ”værelse” på Tornby Strand Camping, som opna denne dagen.

Neste dag gjekk eg til Lønstrup, og følgde sykkelsti gjennom skog og langs åkrar – der bøndene var i full sving med våronna. Gjekk langs havet også med sol og skyer i eit flott vandringsvèr. Veldig mykje hytter å sjå, der ein del var til sals. Campingplassen i Lønstrup var ikkje opna for sesongen, så eg overnatta på eit lite B&B hotell i sentrum. Eg måtte kjøpa eit sykkelkart for Nord-Jylland (kartet eg hadde, var ikkje detaljert nok).

Vakna neste morgon til blå himmel og nydeleg frukost – hotellverten hadde fyrt i omnen og gav meg gode råd om korleis eg skulle vandra vidare. Rubjerg Knude Fyr var på min veg denne dagen – eit fyr som vart teken ut av drift i 1968 grunna mengder av flygesand. I nærleiken var det òg restar av ein gamal kyrkjegard som vart nedlagt av same grunn og kyrkja var flytta lenger frå kysten. 
Eit koseleg par som eg kom i snakk med inviterte meg på lunsj i sumarhuset sitt. Dei foreslo at eg burde gå på stranda fram til Løkken. I Løkken låg fiskebåtane og redningsskøyta langt oppe på stranda. Her nytta eg tilbod om ungdomsherberge.

Eg gjekk på stranda heile neste dag også; frå Løkken til Blokhus – dette var ”Cykelsti nr.1”. I Blokhus overnatta eg privat. Eg hadde no skjøna at det kunne vera fornuftig å bestilla overnatting på førehand. Neste dag vart det regn – eg gjekk på skogsvegar stort sett heile dagen og valte eit B&B hotell i Slettestrand. Det regna neste dag òg – men eg gjekk likevel ein liten omveg for å sjå den gamle lyngmølla i Grønnestrand.
Veggene er dekt med lyng, omtrent slik me på sørvestlandet nyttar brakje på naust og uthus. Denne dagen gjekk eg meg litt vill og ”mista” merkinga eg følgde. Lite folk å sjå – men møtte til slutt ein mann med hund som var veldig hjelpsam. Han følgde meg eit langt stykke. Det viste seg at han hadde svigerdotter frå Norge og hadde vore mykje på austlandet på ski.

Siste dag fram til Løgstør vart lang, då det vart mykje asfalt (kjedeleg!). Då eg kom til Aggersund, tok eg ein avstikkar til Aggersborg, som er Danmarks største vikingborg, sannsynlegvis frå år 980. Veldig imponerande plassering i høve Limfjorden. Overnatta på ungdomsherberge i Løgstør.


Løgstør – Viborg
Himmerlandstien går frå Løgstør til Viborg og er ein flott vandringsveg (grusveg) som tidlegare var ein jernbanestrekning. Framleis regn, men enkelt å gå, då eg ikkje trong leita etter neste merke. Mykje bondelandskap og litt skog – fuglane var veldig våryre. Eg møtte ein hare, som vart veldig forskrekka over å møta meg – det sa vel litt om at ferdselen ikkje var den største. Prøvde GPS’en på Iphonen då eg skulle finna den private overnattingsstaden min i Gatten – fungerte flott! Veldig hyggeleg vertskap, som driv med skotsk fe i sambruk med naboar, og han far sjølv var ein ihuga golfar. 

Strekninga Gatten – Aalstrup vart lang og keisam, men vèret var betre med ein litt skarp nordavind. Overnatta på UH i Aalstrup, men det var eigentleg triste greier sidan eg var åleine. Neste dag gjekk eg til Skringstrup i sol og nesten vindstille. Overnatta på Skringstrup B&B, som såg ut som eit stort gods og har vore folkehøgskule tidlegare. Eg var einaste gjest og fekk nydeleg lammasteik til middag med masse grønsaker til.
Siste etappe fram til Viborg vart gått i jamn fart heile dagen. Gjekk gjennom eit våtmarksområde, der eg måtte trø varleg då det var mange små på tur også. Masse sneglar med hus var på flyttefot – dei små var ganske like dei me ser heime, men det var nokre store, lysbrune på ca. 5 cm som var nye for meg. Fine!

Siste strekket mot Viborg var Himmerlandstien asfaltert og gjekk etter kvart parallelt med eksisterande jernbaneline. I Viborg tok eg ein kviledag og fekk m.a. vaska klede.  På turistinformasjonen kjøpte eg kart over Gamle Hærvej + liste over moglege overnattingsstader, og avslutta dagen med nydeleg orgelkonsert i Viborg domkyrkje.


Viborg- Bov (Padborg)
Vandrarveg og sykkelveg på Hærvejen har ulike trasèar. Sjølv om det var meldt fint vèr, starta dagen frå Viborg med voldsame regnbyger og vind. I tillegg hadde eg problem med å finna vegen. Eg fann merkinga over jernbanebrua – og så gjekk halve dagen før eg fann det neste. Konsulterte kart og valde å følgja cykelsti nr. 21 som går til Skelhøje. Eg overnatta på Skelhøje kultur- og forsamlingshus, som ikkje hadde servering av noko slag, og alle butikkane på staden var nedlagt. Då måtte eg eta reserveprovianten i sekken.

Neste dag var ein kortare vandringsdag med asfalt heile dagen. I Thorning fann eg ein Spar-butikk – å du hendelse! Eg handla og fann meg ein benk og koste meg med ein god lunsj i sola! Privat overnatting med servering i Nørre Knudstrup – var veldig nøgd! Vandra til Funder Kirkeby i strålande sol og vitja 2 kyrkjer på min veg. Den første var Grather kyrkje med ei interessant altertavle som forestiller Paulus. Den andre kyrkja var Kragelund kyrkje som har ein ”gudfaderfigur frå en tidligere altertavle frå sengotisk tid”.

Så var det tid for å prøva ut ”Herberger langs Hærvejen”, men i faldaren var oppgjeve at dei var opne i perioden 1. juni – 1. september. Difor kontakta eg dei som var aktuelle på førehand – og dei tok imot gjester utanom sesongen også. Neste dag gjekk eg til Nørhoved bondegård, som er ein fin stad. Uteområdet er flott med ein liten fiskedam. Den fløyen eg budde i, hadde vore innandørs ridehall. Veldig hyggeleg vertskap, og omsider fekk eg middag. Neste natt overnatta eg på Kollemorten Hærvejscenter; som var ein sliten campingplass med få, gamle hytter. 
Rett før Kollemorten passerte eg Øster Nykirke, som vart bygd som valfartskyrkje 1150-1200 og er ein av Danmarks høgaste, frittliggjane kyrkjer på 127 m.o.h. 

Eg hadde gledd meg til å koma til Jelling, og forventninga vart innfridd. Kyrkja, haugane og dei kjende runesteinane vart nøye granska – både spanande og fantastisk! Gorm den gamle og Harald Blåtann er viktige for Danmark si historie. Dronning Margrethe av Danmark og vår eigen kong Harald er etterkomarar av Gorm den gamle. Overnatting på Skovly kro ved Fårup Sø, der ein kopi av Harald Blåtann sitt vikingskip ligg. Gamal historie fortsette neste dag då eg følgde Bindeballestien som tidlegare var ein jernbanestrekning mellom Bindeballe og Vejle. Ved Ravning haldeplass er det restar av ein ringborg frå år 200-300. Der finst det òg restar og rekonstruksjon av ei trebru med ei lengde på ca. 700 m over eit sumpområde.  Brua var bygd av Harald Blåtann. 

Eg tok natta på Ølgård herberge – ein flott stad! Det var 1. påskedag og eg gjekk fram til Vejen, ein koseleg småby. Eg passerte ein 45 m lang ”skipssetning” ved Klebæk Høje frå Harald Blåtann si tid. Denne var plassert mellom to gravhaugar frå bronsealderen. Eg hadde privat innkvartering og vart invitert til påskemiddag med storfamilien; me var 14 personar til bords. Ein koseleg kveld! 

På veg til Jels neste dag kryssa eg Kongeåen, som i mange år fram til 1920 var den gamle dansk-tyske grense. Neste dagsøkt fram til Vojens vandra eg i skog og fint terreng langs ei elv. Såg ein del dyr; mus, hare og fleire einslege hjortedyr – men ingen andre vandrarar.  Det var skikkeleg surt vèr neste dag – regn og vind. Eg tok lunsjpause i Immervad herberge og overnatta på kro i Rødekro. Det siste overnattingsherberget på mi vandring var Pension Lindely i Kliplev. Bra! 

Siste dagen gjekk turen fram til Bov. Litt vanskeleg ”løype” denne dagen – måtte vera merksam, men gjekk likevel litt feil. Kvidde meg til å kryssa motorvegen før Bov, men her var det god merking, så det gjekk bra!  Ikkje uventa for meg kjenst det som eit antiklimaks å koma fram! Eg likar best å vera på vegen!

Sluttkommentar
Dette var ein flott tur – som verkeleg kan anbefalast!  Men april er litt tidleg både grunna overnattingsstader og mangel på andre vandrarar og syklistar på vegen.

Tove Dypå Lunde


Merknad frå redaktøren:
Denne vandringa skjedde kort tid innan Hærvejen blei forlenga og merka mellom Viborg og Hirtshals (og til Frederikshavn) sist sommar. Vi vil gjerne formidle erfaringar frå pilegrimar som har vandra denne vegen etter at ho vart merka.











Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.