Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
23. november 2017


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
Anbefalt litteratur







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv












ANNONSER

Aktiv ferie og pilegrimsvandringer - på sykkel eller til fots - prøv:









Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring








NB: Pilegrimskontoret i Huitfeldts gate 11 holder stengt torsdag 23 november
Siste Åpent hus:
En portugisisk festaften
med Gry!

       
Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Pilegrimsvandring over sjø og land 2015
11.02.2015 22:31
Sunnivaleia knyter saman dei to heilage øyane Kinn og Selja i Sogn og Fjordane fylke, med klosterruinane på Selja ved Stadhavet som mål. Vandringa tek ei lita veke

Leia går langs kysten frå Florø, om Kinn, over Bremangerlandet, via Vågsøy og til Selje. Prest og lokal kjentmann er med på dei organiserte vandringane.



Historia
I år 996 utropte kong Olav Tryggvason Selja til den fyrste heilagstaden i Noreg. Sunniva vart Noregs einaste kvinnelege helgen, og segna om henne og Seljumennene var svært viktig i kristninga av Noreg.

8. juli er Seljumannamesse på primstaven. Soga fortel at at Olav den heilage gjekk i land på Selja for å knele i kapellet i Sunnivahola då han vende tilbake til Noreg frå England i 1015 for å vinna kongsmakt.

I mellomalderen var kysten den fremste ferdselsvegen. Dei fleste langvegsfarande pilegrimar i Noreg reiste sjøvegen til Nidaros.

Kinn og Selja var naturlege stoppestader. I tillegg til Selja sin status som heilagstad og bispesete, gjorde plasseringa rett ved det lumske Stadhavet øya til eit geografisk og sosialt knutepunkt. Bispesetet vart seinare flytta til Bergen, og Sunniva fekk status som vernehelgen for heile Vestlandet.

Notid
Det er Kinn – Selja som er tilrettelagt og merka for vandring. Men strekninga frå Bergen til Selja utgjer heile Sunnivaleia, og er ein del av kystpilegrimsleia til Nidaros.
Selja - Ruinene ved Mikaelskirken

Selja_web.jpg - 76.76 KBEi pilegrimsvandring langs norskekysten byr på andre opplevingar og utfordringar enn innlandsrutene. Det vakre, men ville kystlandskapet, skore tvers over av fjordar og med det mektige Atlanterhavet brusande inn rundt øyane – som Kinn og Selja - byr på storslegen natur, naturkrefter som fyller hjarta og sjel, og også roleg hav og dovne strender til ettertanke og refleksjon.

Vandringa i juni 2015 er tenkt for norske og tyske pilegrimar. Maks deltakartal: 20.

Start med Kinnaspelet, eit historisk spel som m.a. presenterer  Sunnivalegenda.

Leia går både ute i terrenget (til dels ulendt) og langs veg. Deltakarane må vere fysisk i stand til å gå opp til 25 km for dagen. Viktig med godt skotøy eigna for både ulendt utmark og asfaltvegar, og dessutan kle som toler både regn og vind.

Pilgrim på veg mot Selje - Foto: Lasse Fløde


Pris for å delta på organsiert vandring er kr. 5000,
- inklusive mat, bagasjefrakt, transport og overnatting. I tillegg kjem kr 350 for overnatting i Florø frå laurdag til søndag.

For spørsmål, ta kontakt med soknepresten i Selje, Kari Leine Balog enten på e-post: kl-balog@online.no eller på mobil +47 950 56 253.

For meir informasjon:
www.sunnivaleia.no
www.kinnaspelet.no
www.seljekloster.com
www.kinnguide.no




Vandring 2015: 21. - 27. (28.) juni
Km-tal er omtrentlege

Dag 0 - laurdag 20 juni:
Tilbod om overnatting i Florø kr 350, kjem i tillegg.

Dag 1- søndag 21 juni:
Rutebåt t/r Florø - Kinn. Gudsteneste i Kinnakyrkja før Kinnaspelet. Vandring rundt øya. Overnatting: Florø.

Dag 2 - måndag 22 juni:
Rutebåt til Smørhamn. Vandring til Kalvåg og tilbake til Smørhamn. Overnatting: Smørhamn. 10 km

Dag 3- tysdag 23 juni:
Frå Smørhamn til Grotlesanden, deretter til Hauge. Overnatting: Havly. 22 km

Dag 4 – onsdag 24 juni:
Frå Hauge til Oldeide. Ferje til Måløy. Vandring eller båtskyss til Ulvesund fyr. Overnatting: Ulvesund fyr. 16 km + evt 8 km Måløy - Ulvesund 

Dag 5 – torsdag 25 juni: 
Til Bryggja. Overnatting: Fjordly. 25 km.

Dag 6 – fredag 26 juni:
 Bryggja - Rimstaddalen – Berstad i Selje. 15 km vandring.
Overnatting og middag: privat i Selje.

Dag 7 – laurdag 27 juni:
Båt til Selja, vandring og omvisning i klosterruinane, nattverdgudsteneste i Sunnivahelleren. Overnatting: privat i Selje.

Dag 8 – søndag 28 juni:
For den som vil: Vandring til Dragseidet, gudsteneste der. Overnatting: Privat i Selje.











Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.