Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
23. november 2017


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
Anbefalt litteratur







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv












ANNONSER

Aktiv ferie og pilegrimsvandringer - på sykkel eller til fots - prøv:









Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring








NB: Pilegrimskontoret i Huitfeldts gate 11 holder stengt torsdag 23 november
Siste Åpent hus:
En portugisisk festaften
med Gry!

       
Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Vandring mot Røldal 2015
28.01.2015 16:36
Røldal er ett av våre eldste pilegrimsmål, og flere veier fører hit. Du er velkommen til å delta i årets vandringer, f eks den fra Seljord, hvor det også er muligheter for å henge seg på underveis

Frå mellomalderen og fram til 1850 talet gjekk det føre seg ein årleg valfart gjennom Telemark til Røldal. Målet var krusifikset i Røldal stavkyrkje. Legenda fortel at kvar jonsok sveitta krusifikset i kyrkja, og sveitten var undergjerande. Folk strøymde til frå inn- og utland for å bli lækte. Røldal vart på den tid eit av dei viktigaste pilegrimsmåla i landet, berre Nidaros var større, men dit stoppa vandringane med reformasjonen. Medan dei til Røldal heldt fram i endå 300 år.

Vår tids vandring går i pilegrimane sine fotspor langs dei gamle vegane mellom Vest-Telemark og Røldal.

Vandringa går i variert natur, gjennom bygder og over høgfjell. Dei lokale sogelaga sine representantar er kjentmenn og førarar på turen. Dei vil ikkje bare leie deltakarane gjennom det fysiske landskapet, men og gjennom kulturen og historia langs vegen. Det vil bli spesielle markeringar ved dei kyrkjene pilegrimane passerer på vegen vestover.

Pilegrimsvandringa er ein tur for både kropp og sinn, eit kvilerom med plass til ro og ettertanke. Det er ei vandring og eit møte, ikkje berre med vakker natur og interessante soger, men og med menneske ein kanskje elles ikkje ville ha møtt. Natur og kultur vil gå hand i hand, og vandringa passar for alle, anten målet er den indre reisa eller den kulturhistoriske.

Seljord kyrkjeDet har dei siste åra blitt organisert vandringar hit frå fire ulike kantar. Foreløpig veit vi ikkje om dette også skjer i år, men vi veit i alle fall at den eldste organiserte vandringa,  frå Seljord til Røldal, vert følgd opp også i år, med muligheiter for start frå fleire stader. Dessutan blir det organisert ein pilegrimsreise med buss, båt og vandringer frå Stavanger med start 30 juni.

Vandringa frå Seljord
25.juni startar gruppa som skal gå frå Seljord, og to dagar seinare startar ein annan gruppe frå Eidsborg stavkyrkje, 6 km frå Dalen. 1. juli startar vandringa for dei som skal gå frå Vågsli. Start frå Fjellstad. Det vert og arbeidd med å få til vandring frå Kviteseid. Vandringane frå Seljord og Eidsborg startar med gudsteneste.
Seljord kirke - labyrint

Sundag den 28. juni stoppar pilegrimane i Vinje kyrkje. Der vil det bli historisk orientering og pilegrimsmesse. Vi kjem fram til Røldal kyrkje under klokkeklemt om ettermiddagen fredag 3. juli.

Vakker kirke: Røldal stavkirke står i en særstilling i norsk kirkehistorie. Opp gjennom århundrene har den vært et mål for mange pilegrimer. Mens de eldste stavkirkene i Norge ble bygget på 1100-tallet, er denne trolig fra omkring 1275.Det tradisjonelle pilegrimsstemnet i Røldal er med i vandringspakken, slik at vandringa er ikkje over før sundag 5. juli. Stemnet i Røldal er knytta til ”gamaljonsok”, 6 juli etter den julianske kalenderen, og omfattar pilegrimskonsert om fredagskvelden, seminar, krossvandring og midnattsmesse om laurdagen.

Kultur og kyrkje
Det er historielaga i Vest-Telemark og einskildpersonar i Røldal som er årsaka til at vi i dag har høve til å gå pilegrimsvandringa. Det var dei som tok på seg arbeidet med å lokalisere vegen, rydde og merke han. Saman med tidlegare pilegrimsprest i Nidaros, Rolf Synnes, organiserte dei den fyrste vandringa. Dei er framleis eigarar av prosjektet.

Med på vandringa vert ein kyrkjeleg person som er vandringsleiar på heile turen. Det vert haldne små, daglege tekstmeditasjonar, anten ute i friluft, eller i dei kyrkjene vi vitjar på vegen. Ut over dette er turen slik at kvar einskild legg i han det ein ynskjer.

Vandringar og overnatting
Terrenget er forskjellig frå dag til dag. Vi byrjar i låglandet, går over heiar og høgfjell til vi til sist går ned dalane til Røldal. Dei tyngste dagsetappane er nok dei frå Morgedal til Øyfjell (kupert terreng), frå Edland til Vågsli, dvs over Haukeliheii (fint høgfjellsterreng, men lang dag). På denne etappa kjem pilegrimsvegen opp i 1190 moh.  

Det blir ordna med transport opp den bratte lia i Morgedal. Dei som ynskjer å gå opp lia kan sjølvsagt gjere det. På Haukelifjell er det få passande overnattingsstader, og vi blir transportert med buss fram og tilbake til overnattingsstaden Haukelifjell skisenter. 

Dagsetappane er mellom 15 og 23 km, og vi understrekar at alle treng eit fysisk fundament for å gjennomføra turen.

Bagasjen blir transportert frå overnattingsstad til overnattingsstad. Deltakarane ber berre med seg ein liten dagstursekk med nistepakke og det ein treng for dagen.

Vi overnattar for det meste i campinghytter med forskjellig standard og kvalitet . Vi fyller opp hyttene slik at prisen pr. person blir låg. Alt er tinga på førehand.

Det er ikkje tillate med hund!

Mat
Dei fleste dagane steller vi brødmaten sjølve. Vi har med oss matpakke på turen kvar dag og har middag om kvelden.

All mat er inkludert i førehands-innbetalinga. Den prisen vi har rekna til innkjøp av brødmat er basert på erfaringar frå tidlegare år. Eit eventuelt overskot på denne kontoen vil bli bruka til vedlikehald av vegen.

Guidebok
I 2007 gav vi ut boka ” Fann eg dei stigar” ei kulturhistorisk vegbok for strekninga. Alle som melder seg på og betalar, får ei bok ved oppstart av vandringa.

Prisar og betaling
Seljord – Røldal: kr. 7000.-
Eidsborg - Røldal: kr. 6000.-
Vågslid - Røldal: kr. 4000.-

Pilegrimsvegen til Røldal har konto nr. 3530.24.50895
Ein bed om innbetaling innan 1.juni .



Hjarteleg velkomne, alle saman!

Helsing

 Margit  Gjørv
 vandringsorganisator


 Mobilnr.:97 67 20 91.
 Heimenummer : 53 64 71 16
 E-post: margjor@online.no



Ragnvald Christenson
leiar

Mobilnr: 91 66 39 22.
Heimenummer: 35 07 03 05
E-post: ragnv-c@online.no


Her kan du lese prostidiakon Eilev Eriksteins rapport om fjorårets vandring


Program for pilegrimsvandringa til Røldal 2015

Torsdag 25. juni
Etappe: Seljord - Morgedal
Lengde: 22 km. Lett etappe, men mykje asfalt.  
 
Fredag 26. juni
Etappe: Morgedal - Øyfjell
Lengde: 21 km, 6 av desse i bil. Relativt hard etappe. Fjell- og skogsterreng.

Laurdag 27. juni
Etappe: Øyfjell - Åmot

Lengde: 18 km. Lett etappe, men ein del asfalt.

Laurdag 27. juni
Startdato for dei som vil gå frå Dalen/Eidsborg.
Etappe: Eidsborg - Åmot

Lengde: 22 km. Middels hard etappe.

Sundag  28. juni
Etappe: Åmot - Mjonøy
Lengde: 15 km. Middels hard etappe. Skiftande terreng.

Måndag  29. juni
Etappe: Mjonøy - Haukeligrend

Lengde: 23 km. Lett terreng. Ein del asfalt.

Tysdag  30. juni
Etappe: Haukeligrend – Vågslid
Lengde: 19 km. Relativt hard etappe. Skogs- og fjellterreng

Onsdag  1. juli
Etappe: Vågslid - Ulevå
Lengde: ca 17 km. Middels hard etappe i fjellterreng

Torsdag  2. juli
Etappe: Ulevå - Svandalsflona

Lengde: 15 km. Relativt lett etappe i fjellterreng.

Fredag 3. juli
Etappe:Svandalsflona - Røldal

Lengde: 12 km. Enkel etappe i skiftande terreng.

Når vi kjem fram til Røldal blir det samling i kyrkja ved den daglege leiaren.
Deretter felles middag. 

4 og 5 juli deltar pilegrimene på årets pilegrimsstemne i Røldal










Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.