Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
25. november 2017


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
Anbefalt litteratur







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv












ANNONSER

Aktiv ferie og pilegrimsvandringer - på sykkel eller til fots - prøv:









Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring








NB: Pilegrimskontoret i Huitfeldts gate 11 holder stengt mandag 27 november
Siste Åpent hus:
En portugisisk festaften
med Gry!

       
Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Velkommen til vandring mot Røldal
24.02.2014 23:15
Røldal er ett av våre eldste pilegrimsmål, og flere veier fører hit. Du er velkommen til å delta i årets vandringer, f eks den fra Seljord, med muligheter for å henge seg på underveis

Pilegrimsvandring Vest-Telemark - Røldal 2013Røldal har lang tradisjon som pilegrimsmål, og det har dei siste åra blitt organisert vandringar hit frå fire ulike kantar. Foreløpig veit vi ikkje om dette også skjer i år, men vi veit i alle fall at den eldste organiserte vandringa,  frå Seljord til Røldal, vert følgd opp også i år, med muligheiter for start frå fleire stader. Dessutan blir det organisert en pilegrimsreise med buss, båt og vandringer fra Stavanger med start 1 juli.


Vandringa frå Seljord
26.juni startar gruppa som skal gå frå Seljord, og to dagar seinare startar ein annan gruppe frå Eidsborg stavkyrkje, 6 km frå Dalen. 2. juli startar vandringa for dei som skal gå frå Vågsli. Start frå Fjellstad. Det vert og arbeidd med å få til vandring frå Kviteseid. Vandringane frå Seljord og Eidsborg startar med gudsteneste.
Seljord kyrkje

Sundag den 29. juni stoppar pilegrimane i Vinje kyrkje. Der vil det bli historisk orientering og pilegrimsmesse. Vi kjem fram til Røldal kyrkje under klokkeklemt om ettermiddagen fredag 4. juli.

Vakker kirke: Røldal stavkirke står i en særstilling i norsk kirkehistorie. Opp gjennom århundrene har den vært et mål for mange pilegrimer. Mens de eldste stavkirkene i Norge ble bygget på 1100-tallet, er denne trolig fra omkring 1275.Det tradisjonelle pilegrimsstemnet i Røldal med i vandringspakken, slik at vandringa er ikkje over før søndag 6. juli. Stemnet i Røldal er knytta til ”gamaljonsok”, 6 juli etter den julianske kalenderen, og omfattar pilegrimskonsert om fredagskvelden, seminar, krossvandring og midnattsmesse om laurdagen.



Kultur og kyrkje
Det er historielaga i Vest- Telemark og einskild-personar i Røldal som er årsaka til at vi i dag har høve til å gå pilegrims-vandringa. Det var dei som tok på seg arbeidet med å lokalisere vegen, rydde og merke han.

Saman med tidlegare pilegrimsprest i Nidaros, Rolf Synnes, organiserte dei den fyrste vandringa. Dei er framleis eigarar av prosjektet.


Pilegrimsvegen representerer gamal kulturhistorie, det same gjer bygdene og landskapet han går gjennom. Mellomalderen sine pilegrimsvandringar til Røldal er ein del av den historia vegen ber på.

Historielaga er framleis engasjerte i avviklinga av den årlege vandringa. Dei stiller med kjentmenn som er førarar på alle dagsetappane. Dei kjenner både vegen og den kulturhistoria som er knytt til han. Undervegs vil dei stoppe og fortelje om det som er av interesse.


Med på vandringa vert ein kyrkjeleg person som prosten i Vest –Telemark finn fram til. Han/ho er vandringsleiar på heile turen, og vil halde små, daglege tekstmeditasjon, anten ute i friluft, eller i dei kyrkjene vi vitjar på vegen. Ut over dette er turen slik at kvar einskild legg i han det ein ynskjer.


Vandringar og overnatting
Terrenget er forskjellig frå dag til dag. Vi byrjar i låglandet, går over heiar og høgfjell til vi til sist går ned dalane til Røldal. Vi arbeider med å legge vegen utanom asfalt der dette er mogeleg, men det er ikkje alle stader at det let seg gjere. Elles går turen langs grusvegar, stigar og i utmark. På det høgste kjem pilegrimsvegen opp i 1298 m.o.h.

På Haukelifjell er det få passande overnattingsstader, og vi blir transportert med buss fram og tilbake til overnattingsstaden Fjellstad.

Dagsetappane er mellom 15 og 23 km, og vi understrekar at alle treng eit fysisk fundament for å gjennomføra turen.

Bagasjen blir transportert frå overnattingsstad til overnattingsstad. Deltakarane ber berre med seg ein liten dagstursekk med nistepakke og det ein treng for dagen.

Vi overnattar for det meste i campinghytter med forskjellig standard og kvalitet . Vi fyller opp hyttene slik at prisen pr. person blir låg. Alt er tinga på førehand.

Det er ikkje tillate med hund.


Mat
Dei fleste dagane steller vi brødmaten sjølve. Vi har med oss matpakke på turen kvar dag og har middag om kvelden.

All mat er inkludert i førehandinnbetalinga. Den prisen vi har rekna til innkjøp av brødmat er basert på erfaringar frå tidlegare år. Eit eventuelt overskot på denne kontoen vil bli bruka til vedlikehald av vegen.


Guidebok
I 2007 gav vi ut boka ” Fann eg dei stigar” ei kulturhistorisk vegbok for strekninga. Alle som melder seg på og betalar, får ei bok ved oppstart av vandringa.


Prisar og betaling
Seljord / Kviteseid – Røldal: kr. 6700.-
Eidsborg - Røldal: kr. 5700.-
Vågslid - Røldal: kr. 3700.-

Pilegrimsvegen til Røldal har konto nr. 3530.24.50895
Ein bed om innbetaling innan 1.juni .


Hjarteleg velkomne, alle saman!

Helsing
Margit  Gjørv
vandringsorganisator


Mitt mobilnr.:97 67 20 91. Heimenummer : 53 64 71 16
Mail :margjor@online.no

Du finn oss på Facebook: Pilegrimsvegen til Røldal
Vi vil gjerne ha deg som venn!

Her kan du lese om fjorårets vandring



Program for pilegrimsvandringa til Røldal 2014

Torsdag 26. juni
Etappe: Seljord - Morgedal
Lengde: 22 km. Lett etappe, men mykje asfalt.
kl. 11:  Frammøte og pilegrimsgudsteneste i Seljord kyrkje. Orientering og mat
ca kl. 12:  Vandringa startar
ca kl. 17:  Brunkeberg kyrkje. Matpause 
ca.kl 20:  Morgedal Camping/middag
 
 
Fredag 27. juni
Etappe: Morgedal - Øyfjell (Trovassli)
Lengde: 21 km, 6 av desse i bil. Relativt hard etappe. Fjell- og skogsterreng.
kl. 07:  Frukost
kl. 08.15:  Avreise frå Morgedal Camping. Rast på Fitjan
ca.kl. 19:  Ankomst Trovassli
ca.kl. 20:  Middag

Laurdag 28. juni
Etappe: Trovassli - Åmot

Lengde: 18 km. Lett etappe, men ein del asfalt.
kl. 08:  Frukost
kl. 09.15:  Avmarsj
            Øyfjell kyrkje - omvising. Rastepause 
ca.kl. 16:  Ankomst Hyllandfoss
ca.kl. 20:  Middag

Laurdag 28. juni
Startdato for dei som vil gå frå Dalen.
Etappe: Dalen- Åmot

Lengde: 22 km. Middels hard etappe.
kl. 10.30:  Frammøte Eidsborg Stavkyrkje.
kl. 11:  Gudsteneste i Eidsborg Stavkyrkje
kl. 12:  Orientering. Kaffe. Avmarsj
ca kl. 19.30:  Framme på Hyllandfoss, møte med Seljordsgruppa
ca.kl. 20:  Middag

Sundag  29. juni
Etappe: Åmot - Mjonøy
Lengde: 18 km. Middels hard etappe. Skiftande terreng.
kl. 08:  Frukost
kl. 09.15:  Avmarsj, rastepause
            Vinje kyrkje - omvising og gudsteneste
ca kl. 19:  Ankomst Mjonøy
kl. 20:  Pilegrimsmiddag

Måndag  30. juni
Etappe: Mjonøy - Haukeli

Lengde: 23 km. Lett terreng. Ein del asfalt.
kl. 08:  Frukost
kl. 09.15:  Avmarsj frå Mjonøy
ca. kl. 14.30:  Rastepause Grunge kyrkje. Omvising.
kl. 19:  Middag

Tysdag  1. juli
Etappe: Haukeli – Vågslid
Lengde: 16 km. Relativt hard etappe. Skogs- og fjellterreng
kl. 08:  Frukost
kl. 09.15:  Avmarsj, rastepauser 
ca kl. 19:  Middag

Onsdag  2. juli
Etappe: Vågslid - Ulevå
Lengde: ca 20 km. Middels hard etappe i fjellterreng
kl. 08:  Frukost
kl. 09.15:  Avmarsj
ca kl. 19:  Middag

Torsdag  3. juli
Etappe: Ulevå - Svandalsflona

Lengde: 15 km. Relativt lett etappe i fjellterreng.
kl. 08:  Frukost
kl. 09.15:  Avmarsj, rastepauser 
ca.kl. 19:  Middag

Fredag 4. juli
Etappe:Svandalsflona - Røldal

Lengde: 12 km. Enkel etappe i skiftande terreng.
kl. 08:  Frukost
kl. 09.30:  Avmarsj
            Rastepause ved Bruhølen
ca.kl. 14.30:  Framme i Røldal

Når vi kjem fram til Røldal blir det samling i kyrkja ved den daglege leiaren.
Deretter middag på Skysstasjonen.
 

Pilegrimsstemnet i Røldal 2014  
   
Fredag 4. juli
kl 09.30: Dagsetappe frå Svandalsflona startar 
kl 14.30: Pilegrimar frå Seljord kjem til kyrkja
                   -  liturgisk samling
kl 17.15: Pilegrimar frå Hovden kjem til kyrkja
                -  liturgisk samling
kl 18.00: Pilegrimar frå  Stavanger kjem til kyrkja
-  liturgisk samling
kl 19.30: Pilegrimskonsert i kyrkja
kl 21.00: Ope pilegrimssamling i Røldal grendahus
                   
Laurdag 5. juli
kl 08.00: Laudes  (liturgisk morgonsamling i kyrkja)
kl 08.45-10.00: Felles frukost på Grendahuset
kl 10.00: Pilegrimsseminar
kl 13.00: Middag på Grendahuset.
kl 15.00-16.00: Bønetime i kyrkja. Høve til forbøn.
kl 16.00-17.00: Bli kjent med midnattsmessa – liturgi og  melodiar.
kl 17.00: Pilegrimar frå Hovden kjem til kyrkja.
kl 18.00-18.45: Kveldsmat på Grendahuset.
kl 18.30-19.40: Transport frå kyrkja til Bruhølen camping.
kl 20.00: Krossvandring frå Bruhølen camping til kyrkja
kl 23.00: Pilegrimsmesse m/nattverd.
                  
Sundag 6. juli
kl 08.00: Laudes  (liturgisk morgonsamling i kyrkja)
kl 08.45-10.00: Felles frukost på Grendahuset

Avreise










Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.