Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
21. november 2017


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
Anbefalt litteratur







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv













ANNONSER
Aktiv ferie, på sykkel eller til fots - prøv:





Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring








Siste Åpent hus:
En portugisisk festaften
med Gry!

       
Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Røldalsvandring prega av regn
25.08.2013 10:29
Nokon starta i Seljord, andre kom med undervegs på årets våte vandring til Røldal. Som vanleg stilte mange frivillige opp og delte av sine lokalkunnskapar


 
       



Då Eilev Erikstein hadde sagt seg fri for å vera den daglege leiaren, var vi heldige som fekk Sissel Rohølhaugen til å ta på seg den delen av opplegget  for turen. Ho gjennomførte oppdraget i same optimistiske måte som leiinga tidlegare har vore. Som i fjor var Pippen Tveiten på plass for ta bagasjen fram til dei ymse overnattingstadene.
Her overtok Emanuel Riis,  ein svært kunnskapsrik person. I Grunge kyrkje var det stans med bevertning og omvising i kyrkja  som bestefar til E.R. hadde vore med og bygd. Han var og med vidare til Morgedal camping der gryterett venta, levert av Halvor Nordal.

Vandringa 2013 var prega av regn og surt ver , men det sette inga hindring for nokon som hadde meldt seg på. Dei 9 som starta frå Seljord fekk med seg gudsteneste i kyrkja, kaffi og heimebakt før Jon Svartdal tok dei med på ei underhaldande vandring til Olavskjelda.
Seljord kyrkje
Neste dag  var Tarjei Førstøyl parat til å fylgje til Trovassli. Det er ein tung etappe i mykje myrlendt terreng. På ein pust i bakken var dei innom gardsmuseum med ølsmaking. Gjekk nok lettare etter det. Rømmegraut og spekemat stod på menyen på Trovassli, Normisjon sin leirstad på Øyfjell. Her er god plass , og gode turkemuligheter.



Neste morgom starta med kvitt på toppane og pøsregn. Etter omvising i Øyfjell kyrkje ved Gudny Unhjem vart Tarjei F. med vidare, men no fekk han lag av Knut Hylland. F. med vidare, men no fekk han lag av Knut Hylland

No er vi komne til laurdag , og vandrarar frå Eidsborg startar frå stavkyrkja der. Fyrst var det gudsteneste med totalt 4 tilstades, der 2 var vandrarar. Olav Groven venta ute, og brakte dei trykt til Hyllandsfoss ut på kvelden. Elghakk , kaffi og kake var det som venta der. Veret var heller ikkje så verst.




Søndagen kom med solglytter og Olav som vegvisar, og vart ein fin tur opp til Vinje prestegard. Her venta sokneprest Svein Ringhus med hjelp av soknerådsdamer med drikke , kaffi og bakst. Det vart ei triveleg stund i prestegardshagen før vi gjekk opp i Vinje kyrkje , der Arne Vinje fortalde om kyrkja før gudstenesta . Etterpå vart det ein flott konsert med musikarar frå Litauen. Den stunda sette alle pris på.


På Mjonøy vart det kveldssete i Alvstoga der også Ellen og Olav Nordstoga underheldt . Vi fekk ein betre middag med produkt ifrå Vesaas. – No hadde gruppa auka med 5 til.

Olav Nordstoga fylgde dagen etter til Grungebru med ein stopp på Biletgalleriet , der det heng bilete etter Henrik Sørensen og Harald Kihle.Her overtok Jon Olav Svalastog og var med fram til Grunge kyrkje. Det var godt å kome i hus til bevertning som soknerådet sytte for. Sondre Bratland kom også, han er ny leiar av Sullamrei Historielag . Han fortalde om kyrkja, og song vart det og..



Der foregår eit stort vegarbeid langs Tveitevatn , så dermed vart det skyss fram til Velemoen camping. Trur det vart sett pris på kort vandring og lang kvil. Til laksemiddag på Haukeli Motell kom Inge Sondre Bratland og skyssa oss. Han stod for all transport heretter. Haukeli Motell leverte all middag medan vi var på Fjellstad .

Då er vi komne fram til tysdag, og Tjøstolv Kvålen vert med som dagsleiar. Tjøstolv er god til ein slik jobb; han veit mykje , er omtenksam og går i ”pilegrimstempo”. Og når det er stans, tek han seg ein ”tjøstolv” (slenger seg ned på marka om der er vått eller turt).

No er vi komne fram til Fjellstad, og der vert vi i 3 netter. Det er ei ordning som dei aller fleste er godt nøgde med; ha si same seg, og sleppa å pakka kvar morgon. Fyrste kvelden vart vi 5 til i laget. Askjer Nordaberg var med til skisenteret der Tjøstolv på nytt stilte opp. Det vart ein fæl dag, med regn og kuling, tidvis skodd og. - Her kom kart - og kompasskunnskaper til sin rett.


På Ulevå venta varm saft til blaute og kalde vandrarar , før det bar i full fart tilbake til Fjellstad. Her vart det bruk for skoturkerar og turkerom. Godt der er så romsleg at alle fekk turre klær til neste dag, som var temmelig bra vermessig. Svein Gjørv var då kjentmann dei 2 siste dagane, torsdagen fram til Svandalsflona der dei hadde stopp i vegbrakka i Dyrskar, og fredagen fram til Røldal.


Sjølve vandringa vart då avslutta med ei samling i kyrkja og felles middag på skysstasjonen. Det vart litt ekstra i år med røykt lammelår og dessertbord.

For dei som var att blei det ei flott helg i Røldal, ikkje minst vermessig.

Margit Gjørv



(Bildet viser årets vandrare foran Røldal stavkyrkje)

PS: Siden det ble mye regn og få bilder har vi brukt mange arkivbilder i denne artikkelen. Unntak er første og siste bilde. De er fra årets vandring, foto: Sissel Røholhaugen. 

Nedenunder er et gammelt bilde fra en avisomtale av den første pilegrimsvandringen til Røldal i nyere tid, sommeren 2003, som nå er lagt ut av avisen Varden. Fv: Brynhild Utne, Maria Aase, Eivind Aasmundtveit, Karen Pettersen, Eivind Luthen og Rolf Synnes. Du kan lese hele saken her (Foto: Varden) 

       










Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.