Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
25. november 2017


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
Anbefalt litteratur







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv












ANNONSER

Aktiv ferie og pilegrimsvandringer - på sykkel eller til fots - prøv:









Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring








NB: Pilegrimskontoret i Huitfeldts gate 11 holder stengt mandag 27 november
Siste Åpent hus:
En portugisisk festaften
med Gry!

       
Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Vandring langs Sunnivaleia sommaren 2013
05.04.2013 23:48
Kvart år vert det arrangert vandringar i Sunnivaleia, som knyter saman dei to heilage øyane Kinn og Selja. Denne sommaren vert det eigne ungdomsvandringar i tillegg til den ordinære vandringen






Sunnivaleia er eit kystalternativ til pilegrimsvandringane i innlandet. Ei pilegrimsvandring langs norskekysten byr på andre opplevingar og utfordringar enn innlandsrutene. Det vakre, men ville kystlandskapet, skore tvers over av fjordar og med det mektige Atlanterhavet brusande inn rundt øyane byr på storslagen natur men også roleg hav, naturkrefter som fyller hjarta og sjel, til ettertanke og refleksjon.

Vandringane har tidligare hatt Seljumannamessa i kloster- ruinane på Selja som mål. I år blir det noko nytt ved at berre ungdomsvandringa har det tradisjonelle Selja-arrangementet på programmet. Den ordinære vandringa startar i staden med Kinnaspelet og jonsokfeiringa i Smørhamn. Årets vandring er tospråklig, dvs at det også blir eit opplegg for tysktalande pilegrimar

Selja - Ruinene ved Mikaelskirken

Vandringa tek ei lita veke, og går langs kysten frå Florø, via Kinn, over Bremangerlandet til Rugsund, via Vågsøy og til Selje.

Det er tilbod om tur til Hornelen, dersom veret er i godlage. NB! Relativt hard tur! 

Det vert organisert bagasjefrakt.


Vandringsprogram

Søndag 23. juni.

Florø- Kinn – Smørhamn.
Kinnaspelet på Kinn. Reise til Smørhamn og jonsokfeiring der. 
Overnatting i Smørhamn.

Mandag 24. juni.
Smørhamn – Kalvåg – vandring på sti eller sjå seg om i Kalvåg - Smørhamn
Overnatting i Smørhamn.

Tysdag 25. juni
Smørhamn – avstikkar til Grotlesanden - Havly
Overnatting på Havly.

Onsdag 26. juni.
Havly – Oldeide - Måløy – Deknepollen - Ulvesund fyr
Overnatting på Ulvesund fyr.  Ev i Måløy for dei som ynskjer tur til Hornelen torsdag.

Torsdag 27. juni.
Ulvesund – Deknepollen – Fjordly 
Alternativt tur til Hornelen (ferje til Oldeide, bilskyss til startstad, retur til Fjordly / Holmely om kvelden. 
Overnatting Fjordly

Fredag 28. juni.
Bryggja – Rimstaddalen – Selje
Overnatting Selje.

Laurdag 29. juni.
Vandring på Selja.
Gudsteneste på Selja eller i Selje kyrkje.
Overnatting Selje.
Mogeleg å overnatta i Selje til måndag.


Ungdomsvandringar

Det er planlagt tre ungdomsvandringar, ein ordinær, ein med sykkel og ein ”hard” - alle med start 1 juli, og alle ender opp med Seljumannamessefeiringa 7 juli.
Program og meir informasjon om desse vandringane finns på http://sunnivaleia.no/vandringar/

Krav til fysisk form: Ein må vera i stand til å gå opp til 24 km pr dag i varierande terreng.
Nivå på overnatting: Seng eller madrass, sovepose. Under tak og med tilgang til dusj.
Pris: kr 5000.
Påmelding til Kari Leine Balog. kl-balog@online.no   Tlf: 95 05 62 53
Vandreleiarar: Sigbjørn Sjåstad og sokneprest i Selje Kari Leine Balog.
Pilgrim på veg mot Selje - Foto: Lasse Fløde

Seljumannamessa
Arrangørane bak Seljumanna- messe har sikra seg St.Hallvardguttene frå Oslo til Seljumannamessa i år òg. Dei skal delta på Selja, men skal i tillegg ha konsertar andre stader i Nordfjord. På sjølve Seljumannamessa deltar preses i Den norske kyrkja, biskop Helga Haugland Byfuglien.

 

Guidebok for Sunnivaleia
Nyleg vart pilskilta til Sunnivaleia levert i Florø, og same dagen var Torkjell Djupedal frå Selja forlag og Knut Magne Nesse, leiar for Sunnivaleia (se bilete) samla der for å planlegge Opptur-boka for kysten frå Bergen til Selja. I denne boka kjem det til å komme eit forslag til korleis ein pilegrim kan vandre, sykle og segle frå Bergen til Selja. Dugnadsgjengene som skal merke leia og sette opp desse skilta tek til med arbeidet nå etter påske.


Heimesider
www.sunnivaleia.no
www.kinnaspelet.no
www.seljumannamesse.no














Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.