Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
25. november 2017


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
Anbefalt litteratur







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv












ANNONSER

Aktiv ferie og pilegrimsvandringer - på sykkel eller til fots - prøv:









Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring








NB: Pilegrimskontoret i Huitfeldts gate 11 holder stengt mandag 27 november

Pilegrimspåske
på Malta
Blir du med?

      
Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Klosterbesøk i Kvitsjøen
14.10.2012 16:20
Som medlem av Pilegrimsfellesskapet St.Jakob kjem eg med på interessante turar. Denne gongen var målet Solovkiklosteret i Kvitsjøen



     

For å koma dit, gjekk reisa med fly til Kirkenes, buss derifrå  til Murmansk og vidare sydover med nattog til byen Kemj. Herifrå var det ein to-timars båttur i flott ver. Klimaet i og rundt Kvitsjøen er strengt, sidan området ligg på høgd med polarsirkelen, utan å ha nokon Golfstraum å varme seg på.

Her ligg då eit øyrike med både unik og skremmande historie.

Underveis over Kvitsjøen i en tettpakket båt

Restaureringen av de gamle murene pågår fortsatt. Det er fortsatt mye som skal settes i stand

Det er eit lite arkipel, 314 kv.m, men stort nok til å gje plass for Nordkalot-tens største og og på mange måtar mest interessante byggverk, eit kloster frå mellom-alderen. Det står på UNESCO si liste over verdens viktigaste kulturminne.

Solovkiklosteret vart grunnlagd 1429, og blei ein av dei aller ytterste utpostar for kristen sivilisasjon og kultur.

Den mest kjende skikkelsen med tilknyting til Solovki  var Filip av Moskva (1507 – 69). Under hans leiing  utvikla klosteret seg til det mest velorganiserte,  innflytelsesrike og mektigaste kloster.  Han oppførde i åra 1558 - 66 m.a. den store Transfigurasjons-katedralen i stein, som framleis er den største og vakraste bygningen i klosteranlegget.

Arktisk øydemark vart  forvandla til kulturlandskap, og handel med salt, skinn, tømmer  og fiske-produkt  blømde. Mellom dei 500 innsjøane som finst på øya vart det bygd 1,5 km steinsette kanalar for transport.
Kanalene var primært bygd for vannregulering, men ble også brukt til transport
Solovkiklosteret heldt fram med å veksa , og vart etter kvart den største jordeigaren i Nord – Russland. Nesten alle byar og landområde rundt Kvitsjøen var i klosteret si eige, også landområde ned mot Moskva og Novgorod. Som ein kontrast  og korrektiv til all denne velstanden, levde det heile tida einebuarar under dei mest karrige og primitive tilhøve i skogane rundt omkring på Solovki–øyane. Dei var ei konstant  påminning  om hensikten med klosterlivet.

Klosteret er en av Russlands største festninger, og har holdt ute angripere i mer enn 400 årSolovki-klosteret stod  sentralt  som festning på 1600–talet,  då kampen mot svenskane  galdt kontrollen med Kvitsjøen og handelen på Arkangelsk. Derfor vart klosteret befesta bak kilometerlange, seks meter tjukke og ni meter høge murar.
Men klosteret fekk og ei meir brutal oppgåve der det vart forvisingsstad og fangeleir for uønska, som politiske fangar og kriminelle. Den ortodokse kyrkja brukte også staden som fengsel for tilhengarar av andre trussamfunn som forsøkte å misjonere blant ortodokse russarar. Dei kunne få opptil 20 års opphald på Solovki som straff.

Men i all jordisk makt og brutalitet makta klosteret – i alle fall tidvis – å fungere som eit åndeleg sentrum. Solovki var den største kulturinstitusjonen i Nord–Russland, der klosteret hadde eit stort bibliotek (no i Moskva og St. Petersburg) og eit innhaldsrikt arkiv. Verdifulle ikon og store samlingar av ortodoks kunst gjorde Solovki til eit av dei viktigaste pilegrimsmåla i Russland. I dag er Solovki igjen tatt i bruk som kloster, og mange av ikonene er tilbakeført

Etter at Katarina den store i 1764 tok frå klosteret mestedelen av eigedomane og rettigheter på fastlandet, vart  pilegrimstrafikken den viktigaste inntekta for klosteret. Den auka jamnt utover 1800- talet, og fram mot revolusjonen kunne det årlege besøket koma opp i 25 000.

En av mange grupper av prester som ble holdt fanget på SolovkiFangene ble satt til hard arbeidstejeneste

Bilde i ikonstil som viser avretting av kirkens tjenereEtter revolusjonen kom det aller verste kapittelet i klosteret si historie. I 1920 vart det stengt som kloster, og i åra 1922 – 39 fungerte Solovki som fangeleir og hovudkvarter for Gulag–arkipelet.

Aleksander Solsjenitsyn si bok: ”En dag i Ivan Denisovitsjes liv ” er lagd til Solovki, der forfattaren sjølv var deportert i mange år. Herifrå kunne ingen rømma. Det er berre sommarstid ein kjem der med båt. Om vinteren frys ikkje Kvitsjøen til for han har eit saltinnhald på 22 %.

Etter 1939 fungerte Solovki som sjømannsskule og militærleir, og var under sterkt forfall. Restaureringsarbeid vart sett i gang i 1960, og i 1967 vart det verna som historisk–arkitektonisk museum. I 1990 vart det på nytt opna som kloster, og i 1992 brakte patriark Aleksij  klosteret sine relikviar tilbake til øya.

Og denne staden som igjen er kloster, gudshus og heilag stad, er på nytt blitt eit pilegrimsmål.

På innsiden av murene

På gudstjeneste i TransfigurasjonskatedralenUnder vårt opphald på øya  var vi på  ortodoks gudsteneste. Det er  ei spesiell oppleving med sin resitasjon  og vidunderlige song. Menigheten  sit ikkje, men er i stadig flyt mot tenning av lys, kyssing av helgenbilete og deltaking elles i gudstenesta. Iflg. Eivind Luthen skal den liggja nær opp til den  urkyrkjelege messa.

Rotur i kanalane var vi og med på, samt båttur ut til Hareøya med sine labyrintar, og uhyggelege kvinnehistorie. Hit  vart gravide kvinner sende til borna var fødde . Då måtte mødrene tilbake til Solovki, og ungane, viss dei overlevde, vart sende vekk. Der var så karrig og forblåst at ein skulle tru ingen kom derifrå med livet i behald .

Med båt gjennom kanaler og over noen av de 500 sjøene på Solovki

Farvel til SolovkiBagasje og mennesker i fri flyt

Tilbaketuren med ”Vasilye Kosyakov”, utlånt av Nordflåten , var temmeleg luftig. Med eit par hundre menneske om bord, og bølger som slo over båten, var det godt nok å gå om bord i toget til St. Petersburg.

Margit Gjørv

Flere bilder fra pilegrimsturen (Foto:Tormod Berger)

Solovki_05.jpg - 520.13 KB


Solovki_10.jpg - 64.52 KBSolovki_17.jpg - 74.55 KB

Solovki_16.jpg - 69.05 KBSolovki_15.jpg - 64.09 KB

Solovki_19.jpg - 63.45 KBSolovki_9.jpg - 57.64 KB

Solovki_22.jpg - 70.40 KBSolovki_23.jpg - 59.65 KB 

Solovki_24.jpg - 61.12 KBSolovki_26.jpg - 111.27 KB

Solovki_27.jpg - 63.08 KBSolovki_25.jpg - 76.72 KB










Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.