Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
25. november 2017


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
Anbefalt litteratur







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv












ANNONSER

Aktiv ferie og pilegrimsvandringer - på sykkel eller til fots - prøv:









Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring








NB: Pilegrimskontoret i Huitfeldts gate 11 holder stengt mandag 27 november
Siste Åpent hus:
En portugisisk festaften
med Gry!

       
Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Pilegrim i advent
10.12.2011 21:18
Den moderne pilegrimstradisjon har over fem års virke i Valdres. ”Valdresvegen” er kome for å bli med ei tilrettelagd fellesvandring kvar sommar

Kvart år vil mange vere med og vandre den 162 km lange vegen frå Hedals-kyrkja til St.Tomas på Filefjell. Med sponsa bagasjefrakt, og med mange tinga eller frivillige hjelparar undervegs traskar vi av stad i hælane på historik-aren, og så går prosten bakerst og dyttar… Saman opplever vi velsigninga av natur og historieformidling, kultur, kyrkjesoge og trusformidling gjennom åtte dagars vandring frå kyrkje til kyrkje i ”Norges blomsterdal”.

I år var turen fulltegna alt i februar sjølv om vi ikkje la i veg før fyrste veka av juli. Nokon av vandrarane er gjerne erfarne pilegrimar frå både inn- og utland, men kvart år opplever nye valdrisar gleda over å bli kjent med dalen vår på denne spesielle måten.

Pilegrimenes ankomst til St Tomas kyrkja 2010. Foto: Trond Øigarden

Pilegrimsvandring er ein motkultur. Den er ikkje ein rask og effektiv ferieveg, heldan ikkje ein kostbar og miljøskadeleg veg inn i ferieparadiset. Det går i relativt sakte tempo, i gangfart. Vi skal ha tid til å oppdaga at det står både flekkmarihand og olavsstake i grøftekanten. Vi skal kunne la oss overraska av humor og godleik undervegs. Det må vere høve til undring, spørsmål og samtale før dagen er over.

Vi kan sjå pilegrimsvandring som ein metode, ein måte å vera kristen på. Trua kjem ned i beina, inn i kyrkjene, djupt ned i tankane, attende i tradisjonane, ut i naturen og opp på fjellet! ”Pilegrimskristen” er ein god Valdres-metode! Stadig fleie får augo opp for kva ei pilegrimsvandring kan bety for liv og helse, forankring og tru. Berre spør dei som har gått!

Sundag tek vi fatt på adventstida og det er lenge til sommaren, men kanskje eit bidrag til deltakaravgifta på fellesvandring til sommaren er eit godt julegåvetips? I år står elles tipsa om meiningssfulle julegåver i kø; den nye bibelomsettinga Bibel 2011, den nye tekstboka som takast i bruk i kyrkjene over heile landet 1.sundag i advent, Kyrkjepass for Valdres, den nye Valdresvegpinen. Slik kan vi også hjelpe kvarandre med å vere motstrøms i advent.

Advent er tid for juleførebuing. Om du vil sysle med julegåvene sjøl, skal du her få eit enkelt gåvetips som kan vare til langt utpå nyåret; skriv ned ein sang, eit dikt, ei bøn på eit ark og lag ei høveleg ramme rundt. Vi har ein liten sang som har fulgt pile-grimsarbeidet her i landet. Sangen stammar frå den keltiske tradisjonen. Originalen er irsk, omsett til engelsk og har fått fleire norske versjonar. ”Valdresvegen” har til nå brukt den eldste utgåva og den lyder slik;

Må din vei gå deg i møte og må vinden være din venn, og må solen varme ditt kinn
og må regnet vanne mildt din jord, inntil vi sees igjen må Gud holde,
holde deg i sin hånd.

Ei nyare omsetting startar med ”Må din vei komme deg i møte….”. Å kome eller å gå…? Å kome oss i møte eller å gå i møte med oss skulle kanskje kunne gå ut på eit. Det handlar om ei rørsle. Ei aktiv rørsle i møte med kvar av oss. Det handlar om eit ynskje, ei tryggleik, ei velsigning som dagleg kan bli oss til del langs heile livet sin pilegrimsveg.

Advent betyr ”kome”. Enno ein gong skal vi bu oss på å feire at Gud har kome menneskje i møte. Sjølve navnet advent kjem frå det latinske Adventus Domini, som tyder Herres kome. Adventstida i seg sjølv er ei lita pilegrimsvandring frå sundag til sundag, frå den eine veka til den andre under tema knytt til ”å kome”.

Så får vi talast nærare høgtida, om både du og eg har tru for å kome i mål til jul!

Anne Hilde Øigarden
Pilegrimsprest/prost i Valdres

Denne artikkelen var tatt inn som kronikk i avisen Valdres 24 november










Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.