Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
21. november 2017


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
Anbefalt litteratur







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv













ANNONSER
Aktiv ferie, på sykkel eller til fots - prøv:





Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring








Siste Åpent hus:
En portugisisk festaften
med Gry!

       
Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Pilegrimsvandring……. på Island !?
06.04.2011 22:15
Ja visst ! ….Og kvifor ikkje !


 

    

Scenen er Alltinget på Thingvellir, årstalet er år 1000 e.Kr.

Tinget er sett, det er torsdag i slutten av juni, 10 veker etter fyrste sommardag, og lovseiemannen har sagt fram ein tredel av lovene, som tradisjonen seier det skal gjerast ved opninga av tinget.

Same dagen tar eit skip frå Noreg land på Vestmannøyane. I land går Gissur Kvite og den fredlaus-dømde Hjalti Skeggjason, som kjem til Island i strid med lova. Om bord i skipet er og Thormod prest, fødd på Island, og fleire av venene deira, og tanken og målet deira er klart: Å få islendingane til å venda seg mot heidendomen og ta imot kristendomen. Som trumf bak kravet har dei fire islendingar som gislar hos kong Olaf Tryggvason i Nidaros.

Frå Vestmannøyane vert dei landsette på dei vide sandslettene langs sørves- kysten, og dei rir straks mot Thingvellir. Hjalti Skeggjason vert att i Laugardal, for han har enno ikkje sona ferdig domen frå Alltinget året før, der han vart dømd fredlaus for å ha spotta dei heidne gudane. Då dei nærmar seg Thingvellir, sender Gissur bod til venene sine og bed dei ri han til møtes. Han hadde fått nyss om at heidningane ville hindra han i å koma til tings.Vestmannaeyjar

 I det dei legg ut på siste etappen mot Thingvellir, dukkar den fredlause Hjalti opp. Han vil ikkje gå glipp av møtet med heidningane , og gjev blaffen i at han som fredlaus er ”fritt vilt”. Samla rid dei mot Thingvellir, og det går som dei frykta: Fleire av heidningane grip til våpen, men vituge folk får stoppa dei.

Íslendingabók Fototypisk gengivelseDagen etter får Gissur og Hjalti leggja fram saka si på Løgberget (Lovberget), ” - og så er sagt, at det gjekk gjetord om kor vel dei tala.”

Ari Frode skriv ikkje meir enn dette om talen deira i ”Islendingabok”, men vi må ha lov til å tru at han hadde både ein politisk og religiøs bodskap, for korkje Gissur eller Hjalti var berre misjonærar for den kristne trua,men like mykje sendemenn for kongen.Tilhøyrarane fekk klart for seg at viss dei ikkje følgde kongen sin vilje, ville han ”blanda seg i leiken”, og dei hadde høyrt frå Noreg kva det gjekk ut på. Regien var lagt : Viss heidningane nekta å seia frå seg trua på dei gamle gudane, ville Island bli delt i to riker, med to ulike lover.


Dei kristne på tinget gjekk til Sidu-Hall Thorsteinsson,den første islendingen som var blitt døypt av misjonspresten Tangbrand, og bad han setja saman ei ny lov og vera deira lovseiemann på tinget. Sidu-Hall blir i mange Islendinga-soger skildra som eit uvanleg klokt og godt menneske. I denne saka viste han verkeleg sin klokskap : Han nekta å gjera som han vart beden, men gjekk i staden til den lovleg valde lovseiemannen, Thorgeir Thorkelsson, og ba han skjera gjennom i denne vanskeleg saka. Thorgeir var gode, dvs.høvding, frå Ljosveitninga på Nord-Island, og han var heidning !

Dette var det paradoksale i heile dramaet rundt kristninga av Island: At dei kristne skulle leggja saka si i hendene på ein heidning, som i tillegg var gode, og altså høvding, både i religiøs, dvs. heidensk , og politisk samanheng !

Vi må tru at når dette likevel vart godtatt av utsendingane på Alltinget, var det fordi dei visste at ingen mann på Island kunne løysa denne saka, som no truga med å splitta landet, på en betre måte.

Thingvellir

Ari Frode seier at ” …. Thorgeir gjekk til bua si, la seg under skinnfellen og blei liggjande der eit heilt døger (heilan sòlar-hring). Ingen veit kva han tenkte på der han lå. Kloke menn trur at han søkte råd hos gudane eller landvættene for å kunna løysa saka slik at kristne og heidningar kunne bu saman på Island i fred og semje. Neste morgon sende han ut bod om at folk skulle samlast på Lovberget. Då alle var samla, stod Thorgeir opp og bar fram den mest lagnadsfulle talen som har vore framsagt på Island. Han prøvde ikkje å venda folket si tru, korkje i den eine eller andre retninga. Han tala i det heile tatt ikkje om religiøs tru. Ari Frode seier at han i staden strekar under kor viktig det er å halda riket og folket samla.

Og han avsluttar med denne vidgjetne setninga:
” ….. það mun verða satt, er ver slitum i sundur løgin, að ver munum slita og friðinn.”
”……det er sanninga, at viss vi slit sund lova, så slit vi sund freden”.

Det blei semje om ei ny lov på Alltinget ! Og den nye lova vart sett fram av Thorgeir:
Alle heidne menn skulle ta imot den kristne trua og la seg døypa. Dei som framleis ville blota, måtte gjera det i løynd, men tola straff viss dette vart vitna.

Lat oss til slutt ta med Ari Frodes skildring av døype-seremonien. Dei kristne på tinget var vel nøgde med sigeren, og ville få heidningane døypte så snart som mogleg. Men då meinte heidningane at nok var nok. Vatnet i Øxnarå på Thingvellir var iskaldt – (og er det ennå !), og skulle dei døypast, skulle det gjerast i varmt vatn. Resultatet vart at seremonien vart gjennomført i ei varm kjelde ved innsjøen Laugarvatn på heimvegen frå tinget.

Det går og det segnet at den vakre fossen Godafoss på Nord-Island har fått namnet sitt fordi Thorgeir Ljosvetninga-gode kasta gudebileta sine i fossen då han kom heim frå det dramatiske møtet på Alltinget.

Godafoss


Islandsk pilegrimsvandring
Og eg spør igjen: Kvifor skulle ikkje Island og ha sine pilegrimsvandringar , og - mål !?

Skålholt i dagEg veit at det i fleire år har vore ei årleg vandring nettopp frå Thingvellir og sør-austover, via Laugarvatn til det gamle bispesetet Skålholt. Heilt fram til slutten av 1700-talet var Skålholt det religiøse, kulturelle og politiske sentrum på Island, før Reykjavik tok over som hovudstad. No ligg Islands bispesete i Reykjavik, men både Skålholt og Holar på Nord-Island har sine setje-biskopar.

Men eg tenkjer på ei anna rute, til ei anna kyrkje, ein annan stad på Island. I botnen av den vakre, skogkledde Skorradal , ved enden av det 17 km lange Skorradalsvatn, ligg garden Fitjar, omgitt av grøne bakkar og planta skog. Langs Fitjar-elva, som renn ut i vatnet, veks eit frodig teppe av Alaska-lupinar som fargar bakkane blå. Når du nærmar deg garden,ser du at dette er ein velstelt plass, sjølv om det ikkje bur folk her heile året. Ei av eigarane, som me snart skal møta, bur i Reykjavik, men så ofte som ho kan, kjører ho dei 120 km for å sjå til plassen der ho vart fødd og voks opp.

Og når du er komen heilt fram, kan det henda ho står der, framfor kyrkja si, og ønsker deg velkomen til Fitja-kirkja. Eg seier ”kyrkja si”, for det er hennar og bror hennar si kyrkje, bygd av oldefaren deira og vigsla i 1897. Kvinna er Hulda Gudmundsdottir, utdanna diakon, med mastergrad frå Islands universitet, Háskoli Islands. Ei kvinne som har gjort djupt inntrykk på meg, og på alle nordmenn eg har hatt med meg på vitjing.

Når me i samtale kjem inn på gardar som blir liggjande brakke, eller som vert selde til utanlandske pengefolk, seier ho: ”Eg vil heller raka gras enn raka pengar !”, og me trur henne .

Fitjar-kyrkja

Før ho tar oss med inn i den vesle, velstelte kyrkja, fortel ho at det er ei av dei siste såkalla ”bondekyrkjene” på Island, utan prangande tårn, men med ein kross over mønet der det står ”Fitja-kirkja 1897”. At lekmenn, dvs. bønder, bygde kyrkjer den første tida etter kristninga av Island, var vanleg. Den gongen fekk dei nemleg ein stor del av inntektene som tilkom kyrkja, men dei fekk samstundes ansvar for vedlikehald av kyrkja.

I Islendinga-soga ”Eyrbyggja-soga” får me høyra om endå ein føremon med å ha ei kyrkje på garden. Hovdingane kunne nytta henne som trygg opphaldsstad i tilfelle åtak på garden. Og til slutt: Det gjekk ord om at prestane som messa i desse kyrkjene var lova så mange sjeler inn i himmerike som det var plass til i kyrkja, og det kunne vera mange, for den gongen var det berre ståplassar i kyrkja.

Kyrkja er vigsla til den heilage Nikolaus, og første gong Fitjar er nemnd som kyrkjestad er ca 1200. Så går det mange år, heilt til 1358, då kyrkja igjen blir omtala i ei islandsk annal. Etter reformasjonen er det få opplysningar om Fitjar-kyrkja, med i det store verket ”Jarðabok Islands” er ho igjen nemnd. Denne boka var eit resultat av ei folketeljing utført av to prominente islendingar, nemleg Arni Magnusson og lagmann Páll Vidalin. Arni Magnusson
vart seinare kjend som den store innsamlaren av islandske handskrifter. Alt materialet frå folketeljinga er bevart, og her kan me finna kvar einaste person på kvar gard, med namn, alder, slektsbakgrunn og yrke. Talet på husdyr blei og registrert. Resultat: På byrjinga av 1700-talet var Islands folketal ca 50 000.

Det var brørne Stefan og Julius Gudmundsson som bygde Fitjar- kyrkja, og Stefan var oldefar til søskenparet Hulda Gudmundsdottir og Jon Gudmundsson. Kjærleiken til kyrkja viser att både utvendig og innvendig. Opprinneleg hadde ho lause langbenkar, og interiøret elles var vel det ein vil kalla heimelaga, med nokre unnatak: På veggen bak i kyrkja heng det eit fotografi av ein nattverdskalk og ein patina i sølv, og det er påvist at begge desse er frå den første kyrkja på staden, dvs. frå ca. 1200. Dei står no utstilte i ein glasmonter i Islands nasjonalmuseum i Reykjavik, og då Island feira 1000 års høgtida for hendinga me las om over, kristninga av landet, år 2000, stod desse to på utandørs-alteret på Thingvellir under høgmessa der ! Ei stor ære for ei lita bondekyrkje langt inne i botnen av ein dal !

Hulda ville gjerne hatt attende desse to klenodiane til kyrkja si, men å få originalane er heilt umogleg. Ho har difor sett i gong innsamling for å skaffa nok pengar til å få laga kopiar, og ho har fått ein av Islands mest kjende sølvsmedar til å påta seg oppdraget. Det siste eg fekk veta nyleg var at arbeidet no er i gong !

Men det er endå meir på gong ! Hulda vil gjera den vesle bondekyrkja i Fitjar i Skorradal til eit mål for vandrarar. Som det religiøse mennesket ho er, vel ho å kalla ferda frå botnen av Hvalfjørður , sørvest for Skorradal, og over fjellpartiet Botnsheiði, for ei pilegrimsvandring, og ho er overtydd om at ho kan fylla ein trong hos mange islendingar her.

Hvalfjorden

I mange år var den same ruta ein slags livsnerve for bøndene i innlandet, då dei gjekk over Botnsheidi og ned i Hvalfjorden, som i periodar kunne stå stinn av sildestimar. Her fekk bøndene seg arbeid, samstundes som dei henta seg verdfull føde som kunne berga dei gjennom ein tung og lang vinter. Og kven veit, kanskje dei på ferda attende stoppa ved den vesle trekyrkja og bar fram takk for berginga ?

23. august 2008 la den første gruppa i veg frå staden Þyril i Hvalfjørdur, over Botnsheiði, langs stigen som Hulda, med god hjelp av fleire, på førehand hadde fått rydda og merkt. Vi kan vel tenkja oss kva kjensler det gav deltakarane når dei kom fram. Dei hadde gått i spora til sine forfedrar, samstundes som dei bar von om at dei hadde byrja ein ny tradisjon: Pilegrimsvandring til ei lita bondekyrkje, innst inne i ein vakker, skogkledd dal på Island.

Og sommaren 2011 blir det ei ny vandring !  

Karvel Strømme










Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.