Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
23. november 2017


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
Anbefalt litteratur







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv












ANNONSER

Aktiv ferie og pilegrimsvandringer - på sykkel eller til fots - prøv:









Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring








NB: Pilegrimskontoret i Huitfeldts gate 11 holder stengt torsdag 23 november
Siste Åpent hus:
En portugisisk festaften
med Gry!

       
Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Pilegrimslei over sjø og land
10.10.2009 21:24
Legenda om den fromme irske prinsessa Sunniva som la ut på havet i båt utan segl og årar for å koma unna ein heidensk friar, og som så rak i land på øya Selja tett ved Stadhavet, er ei grunnforteljing i Vestlandet si kultur– og kyrkjehistorie.




Olav Tryggvason utropte Selja som ein heilag stad alt i 996, og då Noreg vart oppdelt i tre bispedømme i år 1068, var det Nidaros, Oslo og Selje. På 1100–talet kom det eit benediktinarkloster på Selja. Ruinane er til dels restaurerte, og har mange besøkjande kvart år. Riksantikvaren er for tida tungt inne med midlar for å finna ut av både klosterruinane og heile Selja–øya si historie.

Øya Kinn rett utanfor Florø, litt lenger sør på kysten, har også del i Sunnivalegenda. Der er ei vakker steinkyrkje frå middelalderen som framleis er i bruk.

Sunnivaleia er ei ny pilegrimslei mellom desse to øyane. Ho går gjennom kommunane Flora, Bremanger, Vågsøy og Selje. På sikt skal ho ha ei forlengjing frå Selja og ut til Ervik på ytste Stadt

.
Av naturlege grunnar er ikkje leia gangande til fots frå ende til annan. Strekningar over sjøen skal føregå med offentleg kommunikasjon, rutebåt og ferje. Ein går heile leia på ei lita veke.

Prosjektet har vore under planleggjing ei stund, og progresjonen har opplevd både flo og fjøre sjø. Det står på midlar og folk som både har tid og kunnskap i tillegg til engasjement. Det dreiar seg også om å vekkja interessa for pilegrimsvandring både i nær– og fjern–miljø.

For å inspirera og informera arrangerer prosjektgruppa fire møte i komande veke, eitt i kvar kommune langs leia. Tidlegare pilegrimsprest i Nidaros, Rolf Synnes, vert med, saman med lokale krefter.

Håpet er at mange langs kysten i Sunnfjord og Nordfjord skal sjå verdien av at det er ei pilegrimslei i kommunen deira.

Fyrste organiserte fellesvandring er planlagt til månadsskiftet juni ⁄juli 2010, slik at ein kjem til Selja til Seljumannamessa 4. juli.       

Kari Leine Balog, sokneprest i Selje


Informasjonsmøter
Det vert halden fire informasjonsmøter om pilegrimsleia mellom Kinn og Selje fra måndag 12⁄10 til torsdag 15⁄10. Tidlegare pilegrimsprest Rolf Synnes tek del. Enkel servering.

Sunnivasalen, Selje hotell – måndag 12.10. kl. 19
Ulvesund Fyr, Vågsøy – tysdag 13.10. kl. 18
Frøya kyrkje, Bremanger – onsdag 14.10. kl. 18
Kystmuseet, Florø – torsdag 15.10. kl. 18

Arr.: Sunnivaleia

For meir info: sunnivaleia@gmail.com










Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.