Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
25. november 2017


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
Anbefalt litteratur







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv












ANNONSER

Aktiv ferie og pilegrimsvandringer - på sykkel eller til fots - prøv:









Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring








NB: Pilegrimskontoret i Huitfeldts gate 11 holder stengt mandag 27 november
Siste Åpent hus:
En portugisisk festaften
med Gry!

       
Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Å vandre med håp
25.09.2009 10:34
Det er alt mange års tradisjon med organiserte pilegrimsvandringar frå Seljord til Røldal. I samarbeid mellom Vest-Telemark museum, historielag og kyrkje er gamle tradisjonar vekte til live.

Noko som kan syne seg å bli til ein ny tradisjon kom til i fjor haust: Diakonien og psykiatrien i Vest-Telemark samarbeidde om ei vandring frå Grungedal til Røldal. Prosjektet var vellukka, og var gjenteken siste veka i august.

Røldal var frå mellomalderen og til langt opp på 1800-talet eit stort pilegrimsmål. Krusifikset i Røldal var sagt å sveitte.

Fekk nokon av sveitten den minste dogg
Vart sjukdomen yvervunnen
Um sjuke eller halte eller sår av hogg
Han var som til livet funnen
Med lovord i sæle munn.
(Åsmund Olavsson Vinje i Storegut.)

MANGE STEG: Pilegrimsferden startet ved Grunge kirke, og vil vare i fem dager til ende. Lovorda etter vandringa var mange. Fleire peika  på at skiljer vart viska ut under vandring; Skilje mellom frisk - sjukt, sterk - svakt,  pleiar - klient. Pilegrim var ordet som dekt alt og alle. 

Frå starten ved Grunge kyrkje til Røldal er det om lag sju mil. Noko asfalt, mykje terreng og sjølve indrefilen av Haukelifjell, før ein kjem ned dei grøne liene til Røldal. Fem brukarar gjekk heile vegen. Men kvar dag var det folk som kom på dags vandring. Tel ein alle som var med på den fem dagar lange vandringa vert det over åtti deltakarar.
  
Litt av kvart kan ein lære av andre på vegen. "Alltid synest eg det er lettare å gå oppover", sa ei tapper dame. "Nedoverbakke er det verste for ein som har hatt det tøft. Eg har aldri takla å ha det godt. Slite er eg bra på. Verre er det når det går lett. Ligg vel ein tanke i det om ein som meg ikkje fortener det gode.”

Litt Åsmund Olavsson Vinje over det:

Mitt hjarta hev vori i livsens strid,
og mangt eit sår hev det fengi;
det låg sjukt og sårt i så mang ei rid,
men endå hev det til denne tid
frå leiken med livet gjengi.

Men ær på ær etter sår på sår
der er på kvar einast` sida,
og opp dei brjotar kvar einast' vår
når lauvet spretter og isen går,
og gauken gjeler i lia.

Men blomar blømer i desse ær,
og blømande blom er tåret.
Det såleis også med jordi er:
når regn og dogg ho frå himlen fær,
så veksa blomar i såret.


- Vart du betre? vart eg sjølv spurt vel heimkomen frå ei pilegrimsvandring til Røldal . Vel hadde eg kjent sveitten på kroppen. Dei varmaste dagane i dei tyngste liene, rann det frisk frå panna. Men frå krusifikset i den gamle Røldals-kyrkja frå 1200,  datt det ikkje ein dråpe. Likevel kjenner eg meg betre etter vandringa. Beina er kvikke. Hovudet blåst for stress.

Minnest terapeuten som fortalte at hans mål for alle samtaler, var at folk skulle gå ut frå kontoret hans med litt meir håp. Slik kjenner eg det, vel framme i Røldal: Reiser heim med litt meir håp! Har fått mykje. Delt noko. Har eg meir å gje ut no?

Eilev Erikstein
Fotos fra vandringen: Ragnvald Christenson

Les rapporten fra psykiatrivandringen her
Vandringen var omtalt i flere aviser: Varden, Vest-Telemark blad
og på nettsiden til Vinje kommune

 










Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.