Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
24. november 2017


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
Anbefalt litteratur







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv












ANNONSER

Aktiv ferie og pilegrimsvandringer - på sykkel eller til fots - prøv:









Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring








NB: Pilegrimskontoret i Huitfeldts gate 11 holder stengt mandag 27 november
Siste Åpent hus:
En portugisisk festaften
med Gry!

       
Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Nye biter til pilegrimsveien mot Røldal
07.04.2009 10:37
Pilegrimsprosjektet i Vest-Telemark sto bak bygging av en fin pilegrimsbro som ble innviet under vandringen sist sommer. I år blir det ny vandring og innvielse av en ny bro.

Sakte, men svært så sikkert, har det kome til nye bitar det i puslespelet som utgjer pilegrimsvegen frå Vest-Telemark til Røldal. Vi er svært stolte av dei framstega vi gjer. Særleg er bruprosjekta noko vi er glade for å ha fått til. Langs pilegrimsvegen har vi dei siste åra fått bygd opp att heile to bruer som hadde forsvunne.

Den fyrste brua blei bygd over Valldalselva i botn av Austmannalia. Ved Bruhølen stod det att restar av det gamle brufundamentet. Spesialistar slo fast at det måtte ha vore ei stokkutleggsbru som i eldre tider hadde stått her. Dette er ein eldgamal brutype. Prinsippet for desse bruene er at stokkar blir lagde ut over elva frå kvar side. I enden av stokkane blir det lagt steinar som motvekt. Lag for lag blir stokkane lagt lenger ut, til ein til sist bind dei saman til ei bru.

Under siste sommars pile-grimsvandring frå Vest-Telemark til Røldal, var det biskopen i Bjørgvin, Ole Hagesæter, som fekk æra av å opne brua. Hendinga blei feira med rjomegraut og spekemat og var ei fin oppleving på den siste vandringsdagen.

Biskop Ole Hagesæter opnar her den nye brua ved Bruhølen, foto av Ragnvald Christenson


Den andre brua går over ei anna og viktig elv på vegen mellom Vest-Telemark og Røldal, nemleg Nupselva ved Ulevå. Nupselva er grenselva mellom kommunane Vinje og Odda, og mellom Telemark og Hordaland fylke. Det er store vass- og ismengder i Nupselva, så det trengst ei bru som tåler ein støyt. Sist sommar starta arbeidet.
Store stokkar blei kløyvde i to og lagt frå kvar elvebreidd over på ein stor stein midt i elva. Statkraft stilte opp med helikopter for å frakte stokkane fram til staden, og i løpet av hausten låg dei ferdig monterte. Det som stod att då vinteren kom var å setje opp rekkverk og geitegrinder. Under pilegrimsvandringa 2009 blir det offisiell opning av dette nye bindeleddet mellom aust og vest.


Ei kulturhistorisk pilegrimsvandring frå Vest-Telemark til Røldal

Frå mellomalderen og fram til 1800-talet gjekk det føre seg ein årleg valfart frå Telemark til Røldal. Målet var krusifikset i Røldal stavkyrkje. Legenda fortalde at kvar jonsok sveitta krusifikset i kyrkja, og sveitten var undergjerande. Folk strøymde til frå inn og utland for å bli lækja. Røldal vart på denne tida det nest største pilegrimsmålet i landet.

Vår tids vandring vil gå i telemarkingane sine fotspor langs dei gamle ålmennavegane mellom Vest-Telemark og Røldal. Vandringa vil gå i variert natur, gjennom bygder og over høgfjell. Dei lokale sogelaga sine representantar vil vere kjentmenn og førarar på turen. Dei vil ikkje bare leie deltakarane gjennom det fysiske landskapet, men og gjennom kulturen og historia langs vegen. Det vil bli spesielle markeringar ved dei kyrkjene pilegrimane passerer på vegen vestover. Det vil bli halde ein dagleg tekstmeditasjon som det er opp til kvar einskild om ein vil delta i, eller ikkje.

Turen passar for alle som har interesse av natur og historie. Om ein vil gå alle dei ni dagsetappane eller bare eit lite stykke, er opp til kvar einskild. Turen startar den 25. juni frå kyrkjene i Seljord og Kviteseid og vil bli avslutta i Røldal den 3. juli. Dagsetappane vil vere frå 10 til 25 km lange, og terrenget vil variere frå dag til dag. Vandrarane ber bare med seg ein liten dagstursekk, resten av bagasjen vil bli transportert med bil fram til neste overnattingsstad. Pilegrimsvandringa er gratis, men deltakarane må betale for mat og overnatting. Vest-Telemark museum tingar overnatting for dei påmeldte.

Una Høydal, prosjektleiar

Les mer om pilegrimsprosjektet med bilder fra fjorårets vandring her 










Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.