Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
21. november 2017


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
Anbefalt litteratur







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv













ANNONSER
Aktiv ferie, på sykkel eller til fots - prøv:





Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring








Siste Åpent hus:
En portugisisk festaften
med Gry!

       
Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Nytt frimerke med pilegrimslogo
20.06.2008 21:09
Motivet viser Harald Hårfagre, Snøfrid og Dovrefjell – og pilegrimslogoen. Det pussige er at den ikke er omtalt i postens informasjon om det nye frimerket.



Det er morsomt å se at pilegrimslogoen dukker opp i stadig flere sammenhenger, som på dette frimerket. Her fungerer det riktignok som et bakteppe til hovedmotivet.

DOVREFJELL – MYTE OG SYMBOL

Dovrefjell har ein plass som samlings- og identitetsmerke i norsk kulturhistorie. Dovre inngår i myten om opphavet til nordmennene og til kongs- og jarleslekta, om innviinga av heltane og i pilegrimsferdene til Nidaros i mellomalderen. I 1814 var Riksforsamlinga på Eidsvoll ”endig og tro til Dovre faller”, og med ”Peder Gynt”, godt hjelpt og Edvard Griegs ”I Dovregubbens hall”, gjorde Henrik Ibsen Dovrefjell kjent som stadnamn og symbol for ei heil verd. No har Dovrefjell også fått plass på frimerke. Det er det norske bidraget i den tredje og siste fellesnordiske utgjevinga om norrøn mytologi. Temaet denne gongen er mytiske stader.

I dei eldste delane av kulturhistoria vår oppstod mytar om landet Noreg og opphavet til dei nordiske folka. Lengst i nord budde ein jotunkonge med to søner, Nor og Gor, og ei dotter, Goe. Ein dag vart Goe borte, og dei to brørne drog av garde for å leite etter henne. Med ski og skip oppdaga dei landet og delte det mellom seg. Nor fekk innlandet og kalla det Noreg, broren fekk øyane. I mellomtida hadde Goe slått seg saman med Rolf frå Berg, son av jotunen Svade i Dovrefjell. Frå desse urfolka stammar nordmennene i følgje myten.

I mellomalderen knytte andre folkegrupper sine opphavsmytar til denne urnorske forteljinga. Orknøyingar og færingar skapte ei tilknyting til Dovrefjell, og islandske høvdingslekter skreiv soga si inn i den gamle norske opphavsmyten. I mytane vart Dovrefjell også staden der heltar møtte kvinna frå fjellet. Ein av dei, som er motiv på det andre frimerket, var Harald Hårfagre. Som ung var han oppfostra og opplærd av ein jotun i Dovre og blei til tider kalla Harald Dovrefostre. Då han seinare innlemma landsdel etter landsdel i samlingsriket sitt, møtte han Snøfrid på garden Tofte ved foten av Dovrefjell. Harald blei som bergteken av henne og tok henne til ektemake. Ho skjenkte han fire søner, og herfrå kan den norske kongsslekta førast vidare frå og med Harald Hardråde (1015–66), oldebarnet til Snøfrid.
I våre dagar er Dovrefjell blitt rusta opp som både verne- og bruksområde. I så måte er området unikt, samtidig som det er metta med mytar, historier, dikting og musikk. Eit slags heilagt fjell?

Motiv: Harald Hårfagre og Snøfrid, Dovrefjell
Kunstnar: Sverre Morken
Verdi: Valør A Innland (kr 7,00) – A Europa (kr 9,00)
Opplag: 250 000 miniatyrark












Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.