Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
21. november 2017


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
Anbefalt litteratur







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv













ANNONSER
Aktiv ferie, på sykkel eller til fots - prøv:





Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring








Siste Åpent hus:
En portugisisk festaften
med Gry!

       
Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Offisielle namn på pilegrimsgvegane.
05.02.2008 16:59
I mange år har eg vore svært opptatt av fenomenet pilegrimsvandring og eg er mangeårig medlem av Pilegrimsfellesskapet St. Jakob. Eg meiner det er viktig at pilegrimsvegane får namn som yter rettferd mot historia vår, som er i samsvar med dagens behov og i pakt med lover og regelverk.

Eg er vel toskåt. men eg kan ikkje anna enn å bry meg. Det er ikkje få nattetimar eg har ofra på alt tankearbeidet.

Å bruke lei (og led) når ein skal namngje pilegrimsvegane, tykkjer eg er både tullåt og toskåt. Og så er eg svært vonbroten på dei fleste som har hatt med denne namnesaka å gjera, men aller mest på Statens kartverk som svikta så totalt. Nå trur eg ikkje på nokon lenger.

Det var prosjektkomiteen for pilegrimsvegprosjektet som fann på det ulykksalige namnet Pilegrimsleden. Orda led, leden og pilegrimsleden er ord som aldri har eksistert i naturleg norsk talemål, og dei var heller ikkje tillatt i det såkalla bokmålet frå 1938 til 1996, og prosjektkomiteen starta altså arbeidet sitt med å bryte norsk lov, cfr. ”Mållova”

Det triste er at mange, - svært mange – ukritisk har teki desse nemningane i bruk, for det vitnar om svært mangelfulle språkkunnskapar og historiske kunnskapar. Eg meiner at munnleg og skriftleg bruk av pilegrimsleden er så dumt at det er diskvalifiserande.

Eg skal ikkje trøytte med lange utgreidingar, men berre liste opp kvifor eg mislikar lei (og led). Så nokre enkle kommentarar og til slutt nokre enkle spørsmål.

1) Lei er eit abstrakt ord, og språksansen min seier at ein ikkje kan namngje noko så konkret som pilegrimsvegane med abstrakte ord.

2) Bruk av lei i denne samanhengen kan av somme bli sett på som forsøk på historieforfalsking.

3) Dersom lei skal knytast til pilegrimsvegane, må ordet i framtida få konkret tyding, slik som  Sverige.

4) Led, leden og pilegrimsleden. Desse orda har aldri eksistert i naturleg norsk talemål, bortsett  frå heilt moderne bergensk. Pilegimsleden på vegskilt er beint fram brot på norsk lov.

Ad 1)  Lei (og led) er abstrakte ord, og eg meiner det er feil å bruke abstrakte ord for å namngje noko så konkret som pilegrimsvegane. På heimemålet, vågåmålet, kan eg ikkje finne eit einaste eksempel på at abstrakte ord og nemningar er brukte for å gje namn på konkrete ting. Eg har talrike gonger forsøkt å kombinere lei med pilegrim, men det lyder ikkje bra. På vågåmål er  det slurv, og slik er det vel på dovermålet au. (Dovre, men Doverfjellet, ein døvring). Namnekonsulentane i Midt-Noreg hadde Pilegrimsleia som sitt fyrsteval. For meg var det eit stort vonbrot, og reint taktisk har eg sett på dette som uheldig. Hadde dei gjeve Pilegrimsvegen fyrste prioritet, så trur eg det hadde vorte valt.

Ad 2)  Dei gamle ålmannvegane var nok i bruk i mange hundre år før det begynte å vandre pilegrimar etter desse vegane. Og vegane var nok i bruk i mange hundreår etter reformasjonen. Heile tida var nok pilegrimane i mindretal i forhold til andre vandrarar. Derfor er ordet pilegrim ikkje knytta til noko stadnamn eller gamalt vegfar. (I Trysil har vi eit offisielt namn som heiter Pilegrimsvegen, men det er av heilt ny dato.) Derfor kan somme skulde oss for historieforfalsking. Eg meiner vi burde prøve finne fram til gamle namn og nemne og bruke det. Eg trur alle ville tene på det, - også vi som prøver å revitalisere pilegrimsvandringane

Ad 3)  På svensk er led-leden både abstrakte og konkrete ord. Sjå Stora Svenska Ordbok, pluss Uppslagsbok, Norstedt forlag og Gøteborg universitet,1998. Sjå også svenske bykart der leden, vägen og gatan blir brukte alternativt. I Stockholm heiter ei av hovudgatene Söndra Leden. I mellomalderen kunne nok lei ha konkret tyding også i Noreg, men i dag er tydinga utelukkande abstrakt, og i vågåmålet er lei eitt av dei mest brukte orda vi har. Men dersom lei (og led) skal knytast fast til pilegrimsvegane, må ordet etter kvart få konkret tyding her i landet. Det tykkjer eg er altfor drastisk. Det var derfor eg skreiv brev til Språkrådet. Eg meiner framleis at dei burde ha gripi inn og sett tinga på plass. Eg har fått svar. Brevet er underskrivi av språkdirektøren som innrømmer at lei (og led) er abstrakte ord. Men dei meiner at Statens kartverk har gjort grundig forarbeid. Det tykkjer ikkje eg er tilfelle. Eg tykkjer forarbeidet har null verdi. Her har ein spurt ca 50 språklege ignorantar, det hadde ikkje hjelpt om dei spurde hundre eller tusen.

Ad 4) Det er heilt uakseptabelt å gje desse orda offisiell status. Det vitnar om ei frekkheit utan like. Det var vedtaksorganet Statens kartverk som svikta totalt og katastrofalt da dei vedtok dei likestilte formene Pilegrimsleia og Pilegrimsleden. Dersom vi  får Pilegrimsleden på norske vegskilt, kjem det i konflikt med viktigaste paragrafen i Stadnamnlova.
   
Med helsing  Syver Svare,
Orkdal










Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.