Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
22. november 2017


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
Anbefalt litteratur







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv












ANNONSER

Aktiv ferie og pilegrimsvandringer - på sykkel eller til fots - prøv:









Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring








Siste Åpent hus:
En portugisisk festaften
med Gry!

       
Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Friskare av å vandre
04.10.2006 23:16
Helse Førde sender folk med store plager på pilegrimsturar. Av Bjørgulv K. Bjåen (Vårt Land 15 juni 2006)

Rusmisbrukaren starta pilegrimsturen til Santiago de Compostela som erklært satanist. Vel fremme søkte han inn i et kapell og tente lys for foreldra.

I Sogn og Fjordane har dei valt ein ny veg i behandlinga av pasientar som har gått inn og ut av institusjonar i åresvis:

-Vi sender dei ut på pilegrimsvegen, seier spesialpsykolog Einar Lunga ved Habiliteringstenesta for vaksne ved Helse Førdes Psykiatriske klinikk. Gruppa Lunga snakkar om er menn og kvinner med langvarige helsemessige, personlege, psykiatriske og psykososiale problem.

I mai gjennomførte ti personar ein tur til Santiago de Compostela i Spania.Vandrarane var personar med langvarige psykiske plager, ADHD og Asperger syndrom, fortel sosialpedagog Roland Schwarz som leiar Habliteringstenesta. -Fleire er også så overvektige at vi har med sjukepleiar som ser til at dei ikkje lir overlast på dagsmarsjane, fortel Lunga.

Livskvalitet

”Den terapeutiske vegen”, heiter pilegrimsprosjektet i Helse Førde. Det har eit overordna mål: Gjere livet betre for hardt prøva menneske.

Liknande prosjekt frå Tyskland og Belgia viser at krevjande, daglange vandringar over lengre tidsrom i eit stimulerande sosialt miljø og naturlandskap, med distanse til eigen kvardag, har stor effekt på både fysisk og mental helse, seier Schwarz.

Fagfolka i Førde dreg vekslar på kunnskap tyske kollegaer ved Psychiatrisches Krankhaus Marienhospital i Herne har samla over år. Deira pilegrimsprogram viser gode resultat:

 

Langt vekke frå kvardagen er det lettare å oppleve små suksessar. Han som vandra 20 kilometer dagleg kjem ikkje så lett på tanken at han ikkje kan noko.

Medisinforbruket blir redusert med 30-50 prosent.

Pasientane oppdagar historiske, kulturelle og religiøse interesser, som i neste omgang gjer kvardagen lysare.

 

Øvingsturar

Pilegrimsvandringane til Helse Førde starta i 2003. Habliteringstenesta var lei av å sende pasientar fram og tilbake mellom behandlingsinstitusjonar.

Vi leita etter alternativ til medikament og terapiar – og vi fann pilgrimane, fortel Lunga.

Prosjekta kostar nokre kroner, men fordi Habliteringstenesta sparer det ordinære behandlingapparatet for utgifter fekk dei vandringsvillige fagfolka klarsignal frå leiinga i Helse Førde.

Alle som deltek i pilegrimprosjektet må være villige til å tenke langsiktig. For før pilegrimane får pakke sekken og leggje i veg mot Santiago, må dei trene. Dei må gjennom ei rekkje kortare og lengre vandringar i Norge. Nokre deltakarar må trene lenge for å klare dagsvandringar med ein ti kilo tung sekk på ryggen.

Treninga inneber også mental forbuing, forklarar Lunga. Vi redusere mengda ytre inntrykk, til dømes aviser, radio og TV.

Endringar

Gjennom vandringane arbeider fagfolka med pasientanes evne til meistring, utvikling av dugleikar og korleis dei fungerer utanfor institusjonell psykiatri. Mange møter ei stor utfordring.

- Desse pasientane manglar svært ofte ”ein draum i livet”.

- Og det å kunne nyte og gle seg over ting i kvardagen. Difor er det særs viktig å få til positive endringar i kvardagen, understrekar Lunga.

Han meiner at dent usenår lange piegrimstradisjonen har mykje å tillby menneske som ber ekstra tunge bører.

- Tradisjonen knyter saman åndeleg søken, helseforbetring og fysisk aktivitet til ein heilskapleg tankegang om livsforbetring, oppsummerer Lunga.

- Før turane startar, legg både terapeutane og pasientane vekk sine tradisjonelle roller, alle blir medvandrarar. Deltakarane har likt ansvar og skal hjelpe kvarandre.

- Men understrekar Lunga, det er viktig at kvar enkelt deltakar tek ansvar for eiga pilegrimsvandring.

Difor må dei sjølve planleggje kvar vandringsdag, stole på eigne val, snakke med folk dei møter samt klare seg språkeleg i butikkar og på herberge.










Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.