Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
25. november 2017


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
Anbefalt litteratur







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv












ANNONSER

Aktiv ferie og pilegrimsvandringer - på sykkel eller til fots - prøv:









Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring








NB: Pilegrimskontoret i Huitfeldts gate 11 holder stengt mandag 27 november
Siste Åpent hus:
En portugisisk festaften
med Gry!

       
Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Fantasi og fakta frå Nøtterøy
25.03.2006 12:14
Eivind Luthen får det til, om det ikkje alltid blir pengar av det. Denne pådrivaren for pilegrimstrafikken mot Nidaros, Santiago og andre destinasjonar har samla 17 historier frå heimetraktene på Nøtterøy under tittelen ”Skjærgårdshistorier”.

Av Leiv Arne Grimstad (Anmeldelse i Tønsberg Blad)

Gode historier går ut over seg sjølv, og det får Luthen mange av desse ”skjærgårdshistoriene” til å gjere, anten dei overgir lesaren til humring eller refleksjon.

I historia ”Glæden, tapt og funnet” leikar vesle Ole med miniatyrskuta ”Glæden” – dag etter dag ved Geiteskjærene – og ser henne sigle for det indre auget bortetter det store havet slik den verkelege briggen til oldefar gjorde i si tid.

Og ein dag skjer det, i vanvare: Miniatyr-”Glæden” driv av – og til havs. I alle fall ut frå Geiteskjærene –.

Mange år seinare, i velvaksen alder, stikk Ole innom ei middelalderkyrkje ved Horten for å sjå og meditere. Då ser han at det vesle kyrkjeskipet som heng frå taket er … nettopp ”Glæden”, som han ein gong i barnedagane såg drive av og ut i verda. Og rett nok: I ein faldar i våpenhuset les Ole at skipet vart funne i 1953 – drivande på Apenesstranden for deretter å bli restaurert av ei hortensmann.

Denne historia kan stå som modell for tendensen i mange av dei andre historiene: Der er vegar mellom hendingar og tankar – tilsynelatande godt løynde, men ofte synlege for den som vil sjå. Og som i eventyret er der løn å få for den saktmodige, trufaste og uthaldande – medan straff ventar den kjappe som søker sitt eige.

Historia ”Erotica diabolica” om den nytings- og sexfikserte rikmannssonen William Mystad – ”et velbeskyttet enebarn, deretter egenrådig ungkar og eneste arving til Mystadfamiliens eventyrlige formue” - er ei forteljing om seksualiteten sine avvegar og møtande trafikk på desse avvegane. Frå gutedagane hadde William alltid forsynt seg frå øvste hylle. Men mykje vil ha meir: ”Han flyttet sitt erotiske engasjement nedover mot lynraske rundetider”, står det – men til slutt fører sexjaget han inn i ein tung livslede. Likevel mønstrar han ny glød ved å innbille seg at problemet er at han enno ikkje har møtt ”den perfekte”. Så jakta held fram. Ein dag bankar ein mystisk herre frå selskapet ”Lucifer Enterprises Incorporated” på døra med lovnad om å skaffe til veges den perfekte kvinna. - Men prisen, opplyser han, - er deres sjel!

Endar alle begjærs avvegar i eit krav om det perfekte?

Mange av historiene er vegar mot mulege fakta. Som at Tore Hund frå Bjarkøy i Troms - Heilag-Olav sin banemann – kan vere gravlagd som munken Teodricus på Bjerkøy i Nøtterøy-skjergarden – eller at mannskap frå det venetianske ekspedisjonsskipet ”Roccaforte” er stamfedre til folket i bygdene Årøysund, Duken og Knarberg. Luthen hevdar at fysiognomien på folk i desse bygdene gir grunn til å tru at den overleverte historia om ”Roccaforte” sitt forlis ved Verdens Ende kan vere sann. At boka frå 1490 - ei bok som visstnok fortel om ekspedisjonen - ikkje lenger er å oppdrive, gjer ikkje historia mindre spennande.

Luthen vedgår at mange av desse historiene er myter som gamle sjøulkar har fortalt frå slektsledd til slektsledd. I så måte kan ein lesar fort kjenne seg usikker på kva som er sant og kva som er ”forbannet diktning”. Men denne veven av fiksjon og fakta, som Luthen sjølv kallar ”eventyr av signaler fra fortdien”, må samtidig egge nøttlendingar og andre til nabosamtalar og eigenstudium: Var det verkeleg noko i den historia?

I fleire av historiene parerer Luthen oppgangen mellom fantasi og realisme ved å bedrive magi. Og ganske så elegant og freidig. I forteljinga om skipsreiarvillaen ”Fønix”, som familien Brynhildsen sel unna for å unngå konkurs, gir Luthen seg til med - i ein slags avsky for livsstilen til dei nye eigarane - å besjele villaen. Den toetasjes steinbygningen har nemleg kome i hendene på nyrike, unge, ”coole” og smarte spekulantar som både sniffar kokain og praktiserer partnarbyte i den grad at villaen tek til å rumle og gufse i gangar og stover av rein vantrivsel. Til slutt får vi nesten inntrykk av at villaen set fyr på seg sjølv for å kvitte seg med den nye eigaren. Men huset, som er fullverdiforsikra, blir gjenoppbygt – og eigaren vil more seg meir. Men då har han ikkje rekna med villaen sjølv som til slutt let eigaren fly øya med ei kjensle av noko som held han i nakken og nektar å sleppe taket før han er komen over til den andre sida av sundet.

Eivind Luthen: ”Skjærgårdshistorier” fra Nøtterøy

Færder Forlag – 115 sider.

Illustrasjonar: Urd van Hentig og Audun Hetland.










Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.