Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
21. november 2017


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
Anbefalt litteratur







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv













ANNONSER
Aktiv ferie, på sykkel eller til fots - prøv:





Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring








Siste Åpent hus:
En portugisisk festaften
med Gry!

       
Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Berøring
01.03.2006 09:10
Starten på pilegrimsvandringa frå Seljord til Røldal, på asfalt langs riksvegen, var hard for føtene. Etter Vigdesjå svinga vi inn på gamlevegen. Det høge graset og blomsterenga oppetter føtene kjendest som milde stryk over kinnet!

Du går og ser ned i graset
Eg undrast - kva sviv i tankane dine?
Så gløttar du opp
Eg møter to auge
Eg ser – det er god plass i hjarta ditt!

Angen frå skogen og den oppvarma turre mjuke barnåldekte stigen tok tankane attende til barndomens vandringar igjennom skog til badetjernet ein varm sommarkveld i slåttetida. Duren frå bilane langs vegen høyres ikkje her, han er bytt ut med fuglesong. Så vakkert; mjukt for føtene og sælt for auge og øyre.

Ved Brunkeberg kyrkje blei vi møtt med felespel. Tonane går rett til hjartet! Vassposten på kyrkjegarden leskar ein varm vandrar.

Den lokale sogeforteljaren får ha meg unnskyldt at eg sovna litt der eg la med ned blant gravsteinane for å kvile ryggen. Eg må vedgå at ikkje alle segn og soger som blei fortalde av dei lokale medvandrarane feste seg i tanken. Men sinnet blei fylt av alt det vakre eg såg.

Eg sansa at når eg vandra midt i Telemarks tettaste blomstereng med Skogstorkenebb og Engsoleie kunne eg ikkje væra trist og tung til sinns. Dei vakre fargane og angen prenta seg inn i minnet og rørte ved sjela mi. Langs vegen var tette tuer med Tiriltunge, i fargar frå gult til oransje og blodraudt. Skogstorkenebb i botas blålilla  kappe og  Engsoleie med lys og varme.

Myggen sverma rundt oss og gav nærkontakt då vi kom ut på kulturbeitet. Naturen møtte alle sansane mine. ”Smak og sjå at Herren er god!”  Salme 34.9

Vegen gjekk gjennom fleire gamle gardstun der unge familiar satsar på ny busetting. I Morgedal blei vi møtt av eit mildt sommarregn. Kvelden var sein før vi nådde campingplassen og kunne slå opp teltet og koke suppe i jerngryta vår  - og då vi mangla nokre ingrediensar  sykla den gjestfrie vert heim og fann gode råvarer i frys og kjøl!

Ei slik vandring i naturen og møte med nye menneske, opnar sansane. Sansinga opnar for kjenslene, og rører ved minner, lengt og sakn. Det var sterkt å traske langs elva på veg til Øyfjell kyrkje. Det levande vatn rann i strie straumar – og lausna tårene. Eg har så mange tårer som må gråtast, så mange tap som må forsonas. Elva si ville vassføring forløyser tårene der eg traskar på asfaltvegen mot Øyfjell kyrkje.

Å stige inn i den heilage kyrkja der generasjon etter generasjon har møtt sin Gud og skapar i ulike livsfasar, set livet mitt i eit høgtidsamt perspektiv. Det heilage rommet er godt å kvile i, der møter eg den livgjevande skapar. Berøring av det heilage!

Ein stad langs vegen har vi matpause ved ei elv. ”Musikken” frå det rennande vatn roar sinnet og stengjer ute støyen frå høgrøysta samtale som ikkje vedgår meg. Eg sender mine triste og såre tankar med vasstraumen og kjenner sola varme meg i andletet og bringa. Eg et, og syg inn ny energi frå sola, og vi smørar kvarandre inn med solfaktor. Så godt å kjenne varme strok. Berøring av ein medvandrar!

Frå Åmot gjekk vi gamlevegen til Bru. Pilegrimsvegen var eigentleg merkt utanom garden, men sidan vi var så få blei vi invitera inn i tunet på saft, og sidan det regna blei vi bydd inn i stova, - og tradisjonen med ”Svalastoga” er vekt til live.

På plassen Mule, med vidt utsyn, formidla grunneigaren eit sterkt møte med Halldis Moren Vesaas. Seinare gjekk vi forbi Midtbø der Vesaas budde.

Fleire lokale vandrare kom til, mellom anna ein staut kar på 82 år! Eg undrast då eg streva meg opp ei lang strekke med god stigning og med sola steikande i ryggen, klarer den gamle mannen dette? Då han kom på toppen sette han i eit kvad!!

Synet av dei mektige fjella, blånane og horisonten, forløyser fleire tårer. Lengten. Etter kva veit eg ikkje klårt, men ein lengt, eit sakn, eit sår blør litt igjen. Det letnar litt i nedoverbakkane mot Bøbygda.

Det er lummert i lufta, og idet vi når prestegarden ved Vinjevatnet og går inn i drengstova til ein rast, kjem regnet og tora! Det reinskar godt opp, og vi kjem fram til Mjonøy litt etter skjema. Eg er søkkblaut, men kjenner meg godt tilstades i mitt eige liv og i møtet med ein medvandrar.  Når eg møter auge som ser meg - kan eg våge å vere direkte – kan eg våge å leike – kan eg kjenne eg lever!

På Mjonøy fekk vi ein god kviledag. Godt, ikkje minst for mine såre føter. Her var børs og katedral – med opning av Vinjeutstilling, kyrkjekonsert med Sondre Bratland og Knut Buen på laurdag. Sondre Bratland si tonesetjing og framføring av Olav Hauge sitt dikt ”Det er den draumen me ber på ” gjorde eit sterkt inntrykk.  På sundag var det pilegrimsmesse ved pilegrimsprest Rolf Synnes, ei vandring i blomsterenga med mykje kunnskap om plantar og det økologiske mangfald og foredrag om heilagnamn og planter. Visste du at over 100 planter har namn med tilknyting til Jomfru Maria?

I ei gruppe med pilegrimar er det nokon som kjem til og nokon som forlèt gruppa. Ikkje alle går heile strekka. På sundag er det tre som forlèt oss og to som kjem til. Eg vil savne deg. Nett no då vi tok til å bli kjende. Vonar vi møtas att!

Gruppa er ikkje lenger den same. Men i peisvarmen i Mannestoga på Plassen sit fem pilegrimar og deler, og eg kjenner meg vel blant til dels ukjende pilegrimar. I morgon vandrar vi vidare. I grålysinga må eg berre skrive ned desse opplevingane så langt. Opplevingar som gjev lengt etter meir. Utan berøring døyr mennesket!

                                                                                                          Maria Maria Aase










Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.