Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
23. november 2017


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
Anbefalt litteratur







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv












ANNONSER

Aktiv ferie og pilegrimsvandringer - på sykkel eller til fots - prøv:









Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring








NB: Pilegrimskontoret i Huitfeldts gate 11 holder stengt torsdag 23 november
Siste Åpent hus:
En portugisisk festaften
med Gry!

       
Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Ein bit av draumen om pilegrimsvegen Nidaros-Santiago
15.02.2006 08:31
Det ligg ei ny bok på bordet mitt. ”Pilegrimsguiden Hamar-Nidaros”. Og like ved ei visjonsskisse av ein samanhengande, merka og skildra pilegrimsveg frå det store pilegrimsmålet i nord til pilegrimsmålet i vest, Santiago de Compostela.

Kven blir den første til å gå heile denne vegen? Har nokon alt gjort det?

(Draumen om pilegrimsvegen Nidaros-Santiago tek til med vegen over Dovre til Oslo. I Oslo deler vegen seg i ei vestleg sløyfe til Tønsberg (der du kan ta båt over til Fredrikshavn) og ei austleg sløyfe ned på austsida av Oslofjorden og vestkysten av Sverige og over til Danmark frå Helsingborg. Vegane som skildest i Oslo møtest langt sør på Jylland og held fram til Lübeck og Hamburg, Köln, Aachen, Namur i Belgia – og så er vi inne i Frankrike. Frå Paris går vegen i ei vestleg hovudlei forbi Chartres, Tours, Poitiers, Bordeaux og Ostabat. I baskiske Ostabat går den vestfranske vegen saman med vegane frå Vézelay og Le Puy, og straks etter Roncevalles i Spania går også vegen frå Arles opp i den samlande høglandsvegen vestover mot Santiago.)

Denne store draumen er den nye boka ”Pilegrimsguiden Hamar-Nidaros” berre ein liten del av, men ein viktig del. For med denne boka, som er eit framhald av ”Pilegrimsguiden Tønsberg-Oslo-Hamar”, som Eivind Luthen har skrive saman med Kari Leine Balog og Berit Dahl Soltvedt, har no heile den norske pilegrimsvegen mellom Tønsberg og Trondheim fått ei fullverdig skildring.

Det er Tormod Berger og Eivind Luthen som skriv og skildrar i den nye boka. Berger har hatt ansvar for skildringa av sjølve vegen, medan Luthen har forfatta kulturstoffet.

”Pilegrimsguiden Hamar-Nidaros” er ei lita og lett bok – og lett å trive til frå ryggsekk-klaffen. Men dei 158 sidene har fått plass til mykje ved hjelp av eit nøkternt språk og ikkje minst ein nøktern typografi, som opnar seg og gir plass til luft mellom kartoppslaga og dei utvalde sideblikka, anten dei gjeld eit dikt av Rolf Jacobsen, ein gamal pilegrimssalme frå Gudbrandsdalen eller skissa av ein pilegrimsskulptur.

Sluttseksjonen av boka, med tittelen ”Tanker underveis”, gir ei grundig og interessant innføring i pilegrimstradisjonen rundt Nidarosdomen. Det er vel slik at dei fleste som legg ut på vandring ønskjer å avslutte der pilegrimstradisjonen spring ut. I Norge har pilegrimstradisjonen opplevd ein forsiktig renessanse det siste tiåret. Men vi famlar enno, og det kan godt bli, som Luthen nemner i avslutningskapitlet, at møtet med domen blir eit antiklimaks. Medan hundrevis av pilegrimar fyller katedralen i Santiago kvar dag – og let seg løfte inn i ei kollektiv brusande og nærverande messe, kan møtet med Nidarosdomen synest einsleg og fattigsleg – trass i at domen i dag er i betre stand enn nokon gong og aldri har hatt så mange besøkande.

Men kanskje møter du pilegrimsprest Synnes – eller biskop Finn Wagle. Wagle lovar nemleg i forordet til ”Pilegrimsguide Hamar-Nidaros” å gå nettopp denne strekninga sommaren 2005. Og då blir sjølvsagt sjansen for å møte han størst om du går den andre vegen – frå Nidaros mot Santiago de Compostela.

Tormod Berger, Eivind Luthen: ”Pilegrimsguide Hamar-Nidaros”.

158 sider, Verbum Forlag

Av Leiv Arne Grimstad










Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.