Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
22. november 2017


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
Anbefalt litteratur







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv












ANNONSER

Aktiv ferie og pilegrimsvandringer - på sykkel eller til fots - prøv:









Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring








Siste Åpent hus:
En portugisisk festaften
med Gry!

       
Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Pilegrimar på prøvevandring i Valdres
29.08.2005 12:37
I kveldinga fredag kom fire slitne pilegrimar fram til Hensåsen i Vang. Dei var ute på ei vekes vandring for å finne leia frå stavkyrkja i Hedalen til Sankt Tomaskyrkja på Filefjell. På Åsvang kunne dei kvile ut etter femte dagen. (Avisa Valdres 25. aug 2005)

Av Nils Rogn, avisa Valdres

Men ei natts kvile gjer godt og laurdags morgon trefte vi kvartetten klare til ny vandring. Målet for dagen var stavkyrkja i Øye og all gonge skulle vera langs veg på austsida av Vangsmjøsen. Søndag skulle siste etappen fram til målet gå opp gjennom Rødalen mot Gamlestøga og Sankt Tomaskyrkja.

Vedlikehaldsfri veglei
Det var Tove Marit Hasle, Tordis Ødegård og Jahn Børe Jahnsen som utgjorde kjernen på turen. Men fleire hadde slutta seg til på delar av strekninga. I Vang stilte sokneprest Carl Philip Weisser opp med vandrestav og entusiasme for opplegget. Jahn Børe fortalde at dei hadde sett seg opp visse kriterium for vegval på førehand. Han hadde rolla som stigfinnar på turen og eit av måla var ikkje å nytte E16. Turen måtte dessutan kunne gjennomførast utan bruk av båt og det var viktig å finne ei rute som var mest mogleg vedlikehaldsfri. Dei nytta difor mindre vegar og skogsbilvegar der desse låg naturleg i leia.

Lange dagsmarsjar
At turen skulle ta sju dagar var også eit viktig poeng. Ei veke er jo som kjent ei skapingsperiode, og lange vandringar mot eit mål set også i gang prosessar undervegs. Men å gjennomføre turen på ei veke måtte byggje på at forma var god, sidan dagsmarsjane kunne koma opp i tre mil. Med mat, litt ekstra klede, sovepose og kanskje telt kunne også ryggen få litt å slite med. Gode hjelparar hadde sytt for at denne jomfruturen var lett i så måte. Traktering hadde dei blitt overraska med undervegs, både brus og kanelbollar og vaflar med rumme og jordbærsyltetøy. Elles var det mykje bær å plukke på både på myr og i skog, og på kyrkjegardsmuren på Hensåsen lyste mengder av freistande raude markjordbær denne morgonen.

Arbeid med istandsetjing
Etter denne vandringa ber det så til med merking av vegen, enkelte skigardar må utstyrast med gjerdeklyv, ei enkel bru lyt til over Muggedøla og kanskje må det settast opp gapahukar enkelte plassar. Ikkje minst må det til grusing av jernbanetraseen frå Onstadmarken til Fengselet. Her var det berre pukk, eit forferdeleg underlag å gå på. Akkurat dette siste slepp dei nok å koste sjølve, men mykje midlar trengst sjølvsagt for skikkeleg istandsetjing og merking av vegen. Regionen har løyvd ein del, noko har private skote til, offergåver har blitt samla inn og ein søknad om offentlege tilskot er inne til handsaming.
Om alt går som planlagt kan det alt neste år bli ein organisert tur langs leia. For dei som vil vandre på eiga hand lovar Jahn Børe Jahnsen at notat han har gjort undervegs vil danne grunnlaget for ei lita bok med grundig vegrettleiing.










Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.