Tilbake til start
Velkommen
Bli medlem!
Klikk her!
20. november 2017


Hovedmeny
Om Pilegrimsfellesskapet St Jakob
Pilegrimsvandring i Norge
Overnattingsguider
Pilegrimsvandring i Spania
Anbefalte nettsteder
Anbefalt litteratur







Web-kamera
Santiago de Compostela:
 

Fra Obradoiro-plassen foran katedralen i Santiago de Compostela.
Klikk for større bilde og valg av andre motiv













ANNONSER
Aktiv ferie, på sykkel eller til fots - prøv:





Bente Berg
Gunnar Hokstad:

Caminominner





Anne Kristin Aasmundtveit:
Alle mine veier -
en pilegrims vandring








Siste Åpent hus:
En portugisisk festaften
med Gry!

       
Tilbake til nyhetsoversikten _______________________________________________________________________


Den moderne pilegrimen
25.04.2005 08:11
Nordmenn er blant dei ivrigaste pilegrimane.

Av Noralv Pedersen

Den moderne pilegrimen er gjerne jeanskledde ungdomar. Noreg ligg på 11. plass over nasjonar som vitjar den populære spanske valfartsstaden Santiago de Compostela, bak Italia, Frankrike, Spania og andre folkerike katolske land.

- Dette er oppsiktsvekkjande, sett i forhold til innbyggjartalet vårt, seier Gustav Erik Gullikstad Karlsaune, amanuensis ved Religionsvitskapleg institutt, NTNU. Religionsforskaren forklarer den store pilegrimsinteressa med at nordmenn er på leit etter andre former å uttrykkje religiøsitet på enn den protestantiske.

- Det finst få rituelle handlingar att i den protestantiske kyrkja. Ordet og teksten dominerer gudstenestene. Dei siste tiåra har derimot rituell åtferd auka. Lystenninga då kong Olav døydde, var eit døme på dette. Dessutan har me i Noreg lange tradisjonar for å gå på tur i naturen. Valfartande nordmenn kombinerer gjerne turgåinga med det å kome fram til den heilage staden, fortel Karlsaune.

Refleksjon

- Pilegrimar finst i alle dei store religionane. Tradisjonen med vandrande menneske til ein heilag stad er like gamal som menneskeætta sjølv, seier Karlsaune, som i snart tretti år har interessert seg for pilegrimar. Religionsforskaren ivrar for ei vid kulturforståing av fenomenet:

- Tre av fire besøkande til Santiago de Compostela er under 30 år, og kvar tredje pilegrim er student. Stereotypen av pilegrimen - Jakob med hatt, kappe og stav - er berre ein av mange variantar av mennesket på valfart. Den moderne pilegrimen er gjerne ein jeanskledd ungdom, fortel religionsforskaren. Undersøkingar viser at eit mindretal av pilegrimane går i kyrkja regelmessig, men at folk likevel har ei form for religiøsitet.

- Motiva for valfarten kan vere ulike. Nokre reiser på grunn av eventyrlyst. Reisa til den heilage staden kan også vere eit bilete på sjølve livet. Valfarten tvingar det travle, moderne mennesket til å bryte opp frå den trivielle kvardagen og spørje seg kva som er det viktige i livet, seier Karlsaune.

Meir enn bot og læking

Den moderne pilegrimen er også historisk interessert. Undersøkingar som er gjort ved Nidarosdomen, viser at vitjarane ikkje kjenner Heilag-Olav som ein helgen, men som ein historisk person.

- Til Nidarosdomen kjem gjerne folk som definerer seg sjølve som turistar, men mange seier likevel at dei opplever noko religiøst i møtet med det majestetiske kyrkjerommet, fortel Karlsaune. Han meiner at pilegrimsreisa som botsøving, det å gjere opp for syndene sine, og som læking, ikkje er så sentrale drivkrefter i dag - sjølv om sjølvsagt bøn og religiøs praksis er viktig for mange.

- Hadde dette berre handla om bot, kurering og helgenar, hadde det ikkje vore mange pilegrimar i dag, og heller ikkje i mellomalderen, seier Karlsaune.

Arne Bakken, pilegrimsprest i Trondheim i perioden 1994-1998, kjenner godt att biletet av den mangslungne pilegrimen som Karlsaune teiknar.

- At så mange reiser til utlandet for å gå pilegrimsferd, har også med den norske blygskapen for det religiøse å gjere, trur Bakken. - Det er lettare å få uttrykkje religiøsiteten sin gjennom valfart og lystenning i til dømes Santiago de Compostela, enn å gjere det her til lands, seier han.










Nyttige guidebøker
fra Pilegrimskontoret

Noen spanske vandringsveier

Guidebøkene fra Verbum


Camino Frances på norsk


De spanske nordveiene


Camino Portugues


Oslo-Nidaros


Oslo-Nidaros på engelsk


Via Francigena, del 2


Husk pilegrimspass til vandringen
 


Luthens litteratur
Pilegrim ved verdens ende


Skjærgårds-
historier fra Nøtterøy


Selja, Sunniva-
kulten og pilegrimsmålet



Pilegrimsfellesskapet St. Jakob, Norge Huitfeldtsgate 11, 0253 Oslo, Tlf 22 33 03 11
Feil og kommentarer kan meldes nettredaktør.